nyhende

åshild øritsland våge linn therese ervefrode handelandjon bergmålbondeopprør smale sau sauehus bonde
Det handlar ikkje berre om eit lønnsoppgjer, men om framtida til bøndene. Ordførarane i landet er oppmoda til å signera oppropet til #bondeopprøret, noko ordførar Linn Therese Erve har gjort. F.v. Åshild Øritsland Våge, ordførar Linn Therese Erve (Ap), Frode Handeland og Jon Bergmål. Bildet er tatt i smalesamdrifta ved Paddevegen.

Støttar bøndene i Sveio

Aldri før har så få bønder produsert så mykje mat, men frå Løvebakken møter matprodusentane lite forståing. Heldigvis for Sveiobøndene, er ordførar Linn Therese Erve på deira side.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka fekk matprodusentane servert eit tilbod om halvparten av det som i utgangspunktet var eit lite krav. Forhandlingspartane braut torsdag med regjeringa, som leverte med tilbodet. Det vil seia at Stortinget blir neste stopp, om ikkje regjeringa kjem med eit nytt tilbod.

Når ikkje leiande politikarar forstår seg på matprodusentane, treng dei folket med seg – og politisk vilje. Bøndene i Sveio glade for at ordførar Linn Therese Erve (Ap) står saman med dei. Ho har signert oppropet som er kalla bondeopprøret, og kan betrygga dei tre bøndene om at ho støttar dei.

Kursendring

– Det er bra at bøndene engasjerer seg. Det har vore eit tema i mitt parti, og me jobbar for at sentrale politikarar skal få fram bodskapen. Stortinget bør komma med eit oppgjer som gjer det mogleg å driva fram ei kursendring og redusera inntektsgapet, seier Erve.

Ho er sjølv oppvaksen på gard, men ingen i søskenflokken har sett seg syn med å overta drifta. Mjølkekvota er seld.

– Det kunne vore aktuelt for min del å ta over, men det krevjer mykje investeringar. Når landbruk må drivast på fritida, ville det blitt for krevjande, seier ordføraren.

Skal vidare

Ho er glad for dialogen med matprodusentane, og tar gjerne i mot alle innspel ho kan få. Saka skal vidare opp i systemet.

– Ordførarane i regionen har eit god dialog saman, i små og store saker. Det gjeld både Haugalandet og Sunnhordland.

– Det varmar at ordføraren seier det, seier Frode Handeland.

– Det er veldig positivt. Det gir eit ørlite håp om ei framtid, seier Jon Bergmål.

At ordføraren støttar bøndene betyr mykje. F.v. Åshild Øritsland Våge, Jon Bergmål og Frode Handeland.
Powered by Labrador CMS