nyhende

Moglegheitene for å utnytte tak og fasadar til solenergi er høge i Noreg, viser ein studie Multiconsult har gjennomført. Her bilete av økolandsbyen i Hurdal der husa har solcellepanel på taket for å vere mest mogleg sjølvforsynte med straum. Foto: Tore Meek / NTB / NPK
Moglegheitene for å utnytte tak og fasadar til solenergi er høge i Noreg, viser ein studie Multiconsult har gjennomført. Her bilete av økolandsbyen i Hurdal der husa har solcellepanel på taket for å vere mest mogleg sjølvforsynte med straum.

Stort potensial for solkraft

Ei ny kartlegging viser eit potensial for nesten 200 TWh straum frå solceller i Noreg – godt over heile den norske straumproduksjonen frå vatn og vind i dag.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det er Multiconsult som har gjort ei berekning av det tekniske potensialet for produksjon av solkraft i Noreg. Bjørn Thorud, som har hatt ansvaret for kartlegginga utført for Solenergiklyngen, seier til NRK det er eit stort uutnytta potensial i solenergi i Noreg.

Av den totale straumproduksjonen på 157 TWh i Noreg, står vasskraft for 138 TWh og vindkraft for 15 TWh. Sol står førebels for berre 0,15 prosent av straumproduksjonen i Noreg. Multiconsult har i berekninga si delt opp etablering av solcelleanlegg på bygningar og på andre eigna areal.

– På eigna tak og fasadar på forretningsbygg, hus, fjøs og garasjar kan det produserast 66 TWh straum i året. Det er omtrent halvparten av det vi bruker her i landet, så det er veldig mykje, seier Thorud.

– Blir utbyggingspotensialet for allereie beslaglagd mark, som jordbruksareal ute av drift, parkeringsplassar og avslutta deponi teke med, så kan solcelleanlegg bidra med til saman 199 TWh årleg, skriv Solenergiklyngen i rapporten sin.

I berekninga si har Multiconsult berre vurdert det tekniske potensialet for solenergi, ikkje det økonomiske. Moglegheitene for å lage straum i bygningar er størst i Søraust-Noreg og Sørvest-Noreg.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS