NPK: Lite rognebær gjer at møllen har hoppa over på epletrea. Det kan øydelegge avlinga for fruktdyrkarane i år.
– Det ser ut til at det er eit stort angrep av rognebærmøll i år. Om det blir like stort som for to år sidan er for tidleg å seie, men det ser skummelt ut. Epledyrkarar som driv økologisk, kan risikere hundre prosent skade, seier forskar Gunnhild Jaastad ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) til NRK.
Rognebærmøll grev gangar i epla på kryss og tvers. Han har lenge vore det mest alvorlege skadeinsektet på eple i Norden, og sprøytemiddel er det einaste som hjelper. Private kan ikkje bruke plantevernmiddel, og fleire av midla ein brukte tidlegare, er no forbodne også for epledyrkarane.
– Dei som ikkje driv økologisk, har i år fått dispensasjon til å bruke eit plantevernmiddel. Det fungerte godt for to år sidan, men vi veit ikkje sikkert før epla er hausta, seier Jaastad.
Økologiske epledyrkarar kan bruke rapsolje blanda med såpe, men dette verkar berre på egga til rognebærmøllen. Eple som er angripne, verkar lite freistande å ete, men dei kan framleis pressast til saft og juice.