nyhende

Ølen BetongMølstrevåg
Rekordkontrakt til Ølen Betong.

Største kontrakt nokonsinne

Ølen Betong har sikra sin største enkeltkontrakt nokon gong. Dei skal levera betong til sørleg del av Rogfast.

Publisert Sist oppdatert

Selskapet som lokalt held til på Mølstrevåg har grunn til å smila. Dei har no sikra seg ein rekordstor kontrakt for å levera betong til den sørlege delen av Rogfast.

Det var Haugesunds Avis som først omtala saka.

Hovudentreprenør for strekninga er arbeidsfellesskapet Implenia – Stangeland. Deira kontrakt har ein totalverdi på fire milliardar kroner.

Dagleg leiar i Ølen Betong er Lars Norekvål. Han vil ikkje seia kor stor verdien på kontrakten til Ølen Betong er, men fortel til Haugsunds Avis at det er snakk om fleire hundre millionar kroner.

No ventar Ølen Betong i spenning på om dei også får kontrakt for den nordlege delen av Rogfast.

– Me er klare til å levera alle betongelementa til heile Rogfast, seier Lars Norekvål, dagleg leiar i Ølen Betong til Haugesunds Avis.

Produksjonen til Rogfast vil finne stad på fabrikken i Mølstrevåg, og i Sandeid. Då vil dei trenga ein stad mellom 10 til 15 nye tilsette, skriv avisa.

Powered by Labrador CMS