nyhende

Større interesse for kyrkjevalet

Kyrkjevalet i Sveio starta med større frammøte enn vanleg, fortel funksjonærane Synnøve Espeset og Kristi Tveitaskog.

Publisert Sist oppdatert

– På eitt tidspunkt var alle ventestolane våre opptekne av folk som sat klare til å stemma, fortel dei to damene som tok imot stemmer til Sveio sokneråd.

På nabobordet i soknehuset sat Edvin Reiersen og Eli Rolfsnes og registrerte stemmer til Valestrand og Førde sokneråd. Alle tok dei også imot stemmer ved valet til nytt bispedømmeråd i Bjørgvin.

Dei var alle spente på om trenden ville halda seg dagen ut. Tilsynelatande hadde det stilna noko av då Vestavind var innom, både ved kyrkjevalet og kommune- og fylkestingsvalet. Som venta auka pågangen igjen frå 16-tida og utover.

Kjell Egil Knutsen var ein av dei som Vestavind møtte i kyrkjevallokalet.

– Det er første gong eg stemmer ved kyrkjevalet, fortalte Knutsen, men sa det ikkje var nokon særskilt grunn til at han nytta den kyrkjelege stemmeretten sin denne gongen.

Knutsen fortel at han hadde studert lista til soknerådet i Sveio nøye, og gitt nokre av kandidatane eit ekstra kryss.

Powered by Labrador CMS