nyhende
Storkontroll på Haukås
Torsdag vart travelt for Utrykkingspolitiet. Fleire titalls vart vinka inn for promillesjekk, og vel over 20 vart tekne grunna høg fart.
– Kan du blåsa her, gjerne i fire-fem sekund, sa betjent Idar Helland ved Utrykkingspolitiet.
Saman med kollegaen sin stod han heile dagen ved krysset i Haukås. Over 100 sjåførar vart vinka inn, kor nokre vart kontrollerte for rus og andre stoppa grunna høg fart.
70 tok blåsetest
Då Vestavind var på staden var det ei lang rekke av bilar som venta på å blåsa, Ein av dei som tilfeldigvis vart vinka inn var Dagfinn Bjørge (Sp), sitjande representant i kommunestyret. Bjørge tok det heile med eit smil, tok eit blås og fekk køyra vidare.
Betjent Idar Helland fortel at av totalt 70 sjåførar var det ingen som gav utslag på blåsetest.
Ein mista førarkortet
Elles vart 23 sjåførar stoppa grunna høg fart. Ein av desse fekk førarkortet beslaglagt grunna køyring i 118 kilometer i timen.
Tre sjåfører fekk forenkla førelegg grunna manglande stopp ved stoppskiltet.