nyhende

Bildeler ligg rundt kjøretøyet etter påkøyrselen.FOTO: PRIVAT
Bildeler ligg rundt kjøretøyet etter påkøyrselen.

Store skadar på bil etter viltkøyrsel

Ein hjort vart påkøyrd tysdag morgon på fylkesveg 47.

Publisert Sist oppdatert

— Det vart ingen personskade, men ganske stor skade på bilen, seier Håkon Tornes, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Ein hjort var påkøyrd rundt 8-tida tysdag morgon. Påkøyrselen fant sted på fylkesveg 47 i nordgåande retning, forbi innkøyrselen til Vigdarheim.

Tornes seier at dyret vart skada, og at viltnemnda vart varsla.

RETTING: I første versjon av denne saka skreiv Vestavind at det var eit rådyr som påkøyrd. Opplysninga fekk med frå politiet. Det viste seg i ettertid å vere feil, det var altså ein hjort.

Powered by Labrador CMS