nyhende

Slik såg det ut på på Haukelifjell like før klokka 08.30 torsdag.SKJERMDUMP: STATENS VEGVESEN/WEBCAM

Store problem på fjellovergangane

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: E16 er stengd mellom Øye og Kvam på austsida av Filefjell av fleire vogntog som står fast, melder Statens vegvesen.

Det er store problem på grunn av dei vanskelege køyreforholda, og det er vekselvis stengd og manuell dirigering på strekninga, melder Vegtrafikksentralen aust.

E16 over Filefjell er den einaste fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet som akkurat no er open. Politiet hjelper til med dirigering.

– Det er trafikale problem fleire stader i området på grunn av snøfall og vind. Fleire vogntog står og ventar i området, opplyser Innlandet politidistrikt.

Uvêret har ført til at dei fleste vinteropne fjellovergangane i Sør-Noreg er stengde. På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring og styrt trafikkavvikling. Ny vurdering blir teken torsdag klokka 9.

Riksveg 7 over Hardangervidda er stengd på grunn av uvêr. Der blir teke ei ny vurdering torsdag klokka 18.

E134 over Haukelifjell er stengd på grunn av snøskredet som gjekk ved Haukeli onsdag morgon. Oppryddingsarbeidet er venta å ta fleire dagar, og det blir jobba for at vegen kan opne laurdag klokka 10.

Også fv. 50 Hol-Aurland er stengt. Det same er fv. 53 Tyin-Årdal, rv. 13 Vikafjellet og rv. 15 Strynefjellet, opplyser Vegtrafikksentralen vest.

Powered by Labrador CMS