nyhende

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er kritisk til prishopp på ei rekke matvarer. Foto: Javad Parsa / NTB/ NPK
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er kritisk til prishopp på ei rekke matvarer.

Støre om matprishoppet: – Det er eg kritisk til

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er kritisk til at fleire varer i matbutikkane har fått kraftig prisauke. Han ønskjer betre konkurranse.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB. 1. februar auka prisane på ei rekkje matvarer i daglegvarebutikkane.

– Det er eg kritisk til, der det er ein kraftig auke. Vi må ha, og vil ha, ein matvaremarknad som har effektiv konkurranse og det må verke slik at kvar enkelt forbrukar erfarer det, seier Støre til NTB.

Han påpeikar at næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har teke fleire initiativ på området. Mellom anna skal regjeringa gjennomføre ein studie for å sjå på korleis prisane blir danna. I tillegg kjem det fleire lovendringar.

– Mat er noko du må ha. Og for folk med anstrengd økonomi, er aukande matprisar noko som slår direkte inn i kvardagslivet. Det er for mange historier no om folk som slit med å få endene til å møtast. Særleg er det vondt å sjå når rammar barn og eldre, seier Støre.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS