nyhende
Store materielle skadar på bilane
To bilar har kollidert på Tittelsenesvegen nær grensa mellom Sveio og Haugesund om lag 200 meter inn på Haugesund-sida.
SISTE: Klokka 17.15 melder politiet at staden er rydda og trafikken går som normalt.
Nødetatane rykka ut til ulykka som blei meldt klokka 15.32. 10 minuttar seinare kom det oppdatert melding om at trafikken blir dirigert forbi i eit felt og alt bilbergar var på veg.
Operasjonsleiar Bjørn Iden ved Sør-Vest politidistrikt opplyser at det er store materielle skader på bilane, men at det førebels ikkje meldt om personskade. Det er 60 km/t på ulykkesstaden.
Fekk melding om møteulykke
Politiførstebetjent Ørjan Skau seier til Haugesunds Avis politiet fekk melding om ei møteulykke mellom to bilar.
Dei involverte og vitner blir avkøyrt på staden, og politiet opprettar sak.
Ut frå Statens vegvesen si nye teneste Trafikkflyt danna det seg raskt køar på begge sider av ulykkesstaden. Klokka 16.50 såg det ut at det framleis var ein del kø i begge retningar.