Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er invitert til eit møte for europeiske statsleiarar i Praha den same dagen som statsbudsjettet skal leggjast fram.FOTO: NPK
Støre invitert til europeisk toppmøte på budsjettdagen
NPK-NTB: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er invitert til eit møte for europeiske statsleiarar i Praha same dag som statsbudsjettet skal leggjast fram.
– Noreg har fått ein invitasjon, og vi vil vurdere korleis regjeringa kan vere representert på dette møtet, svarer kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse ved Statsministerens kontor på spørsmål frå Dagens Næringsliv om kvar Støre skal vere den dagen.
Det er finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) som vil vere den mest sentrale på budsjettdagen, men det er tradisjon for at alle regjeringsmedlemmene deltek.
Venstre meiner Støre bør prioritere toppmøtet i lys av den alvorlege situasjonen Europa står i.
– Viss han er bekymra for å få kritikk i Stortinget for det, så vil vi i alle fall gi han full ryggdekning for å delta på toppmøtet. Blir toppmøtet så viktig som det verkar, med deltaking frå regjeringssjefar frå heile Europa, vil det vere svært spesielt viss den norske regjeringssjefen ikkje deltek, seier finanspolitisk talsperson og nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn til DN.