Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at alle nordmenn kan reise heim til familien i jula, trass i at regjeringa innførerer strenge smitteverntiltak.FOTO: NPK
NPK-NTB: Nordmenn kan reise heim til sine næraste i jula, seier statsministeren, som ber folk vere der for kvarandre i høgtida.
– Det blir jul. Du kan reise heim i jula, og du kan vere med dine næraste. Vi kan ikkje vere så mange saman, men vi kan vere der for kvarandre, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Han ber folk om å vise omsorg for dei som treng det i jula.
– Sjå rundt deg, kven kan du utgjere ein forskjell for? Saman må vi no stille opp for å snu denne utviklinga. Det kan vi, og då kan vi kontrollere smitten gjennom vinteren, seier han.