nyhende

Stord-Oslo-ruta kan vere historie frå 1. oktober, om ein ikkje lukkast med ein plan som sikrar lønsamt drift.FOTO: SUNNHORDLAND LUFTHAMN
Stord-Oslo-ruta kan vere historie frå 1. oktober, om ein ikkje lukkast med ein plan som sikrar lønsamt drift.

Stordflyet kan forsvinne

Det danske flyselskapet DAT slit med lønsamheita på Stord-Oslo-ruta. Ruta kan vere historie ved utgangen av september.

Publisert Sist oppdatert

Grunna høge drivstoffprisar slit DAT med å få eit økonomisk positivt resultat på flyruta Stord-Oslo, populært kalla Stordflyet.

Ut september

— Situasjonen er den same for mange andre ruter som flyselskapet opererer. Alle ruter blir fortlaupande vurdert om dei er lønsame eller ikkje. DAT har nyleg informert lufthamnselskapet om at dei vurderer å avslutte ruteflyginga Stord-Oslo innan utgangen av september i år, heiter det i ei pressemelding.

Med unntak av eit statleg flyrutekjøp i perioden april-desember 2021 har DAT sidan oppstarten operert flyruta for eigen økonomisk risiko. Lufthavnselskapet Sunnhordland Lufthamn og DAT er no i dialog for å finne ei løysing som kan sikre flyging på ruta også frå 1. oktober, heiter det i meldinga.

Nytt anbod frå 2024

Det jobbast mellom anna for at Oslo-ruta skal bli inkludert i programmet for offentleg tenesteyting (FOT) frå neste periode, det vil seie frå 1. april 2024 og 3 år fram i tid.

— Vi oppmodar våre kundar til framleis å nytte Stord Lufthamn og DAT når dei skal ut å fly også etter 1. oktober, seier lufthamnsjef jan Morten Myklebust i meldinga.

 

 

Powered by Labrador CMS