nyhende
Stor leselyst blant unge i Sveio
Meir enn halvparten av alle skuleborn i grunnskulealder i Sveio deltok på årets Sommarles. I snitt leste dei nesten 13 bøker kvar (!) — Me er veldig stolte, seier biblioteksjef Kristine Thorkildsen.
Sveio var blant kommunane i Vestland kor oppslutnaden om biblioteka sin digitale lesekampanje Sommarles fekk størst oppslutnad.
Heile 341 av alle dei 611 borna frå først til sjuande klasse i kommunen deltok. Det er 55,8 prosent. I fjor var talet 44,6 prosent.
Langt over snittet
Sveio er på 12. plass i oppslutnad blant 43 kommunar. I Noreg var snittet 36,6 prosent og i Vestland var talet 35,7 prosent.
— Me er veldig stolte over at så mange har vore med i Sveio, seier biblioteksjef Kristine Thorkildsen ved Sveio folkebibliotek.
Avslutta med fest
Torsdag markerte biblioteket Sommarles-avslutning med fest på biblioteket. 129 personar deltok der.
Dei fleste born, men også nokre føresette.
På festen viste elevar frå kulturskulen fram BliMe-dansen 2022 saman med danselærar Tatsiana Kozel.
Også teatergruppa Teartig, med instruktuør Marco Thomas i spissen hadde show, og dei inviterte publikum opp for å leike med teatersport. Til slutt vart delt ut is til alle.
— Vel fortent is for vel gjennomført lesekampanje, og for eit strålande publikum på Sommarlesfesten, seier Thorkildsen.