Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Stor aktivitet i pårørandeforeininga ved Sveio omsorgssenter
Det blei halde årsmøte i pårørandeforeininga ved omsorgssenteret torsdag 16. januar. Det møtte 13 representantar frå pårørande/pårørandeforeininga , sjukeheimen og kommunen.
Årmeldinga for 2024 viser at det har vore eit år med stor aktivitet. Foreininga arrangerte kaffikostilstelningar i snitt ca. ein gong i månaden. På desse treffa kjem dei som bur på heimen saman med pårørande. Alle får ei fin ettermiddagsstund med kaffi, heimebakst og underhaldning. Både allsong og utlodning høyrer til.
Blåtur juletrefest
I tillegg til eigne arrangement, har foreininga vore medarrangør på den årlege sommarfesten i juni og og adventsfesten i november.
Foreininga arrangerte og blåtur for bebuarane i juli. Med buss gjekk turen til Førde og Kaien der me fekk servert god fiskesuppe, dessert og kaffi. Bussturen gjekk via Ålfjorden der Einar Halleland fortalde frå gamle tider. Fleire av bebuarane fekk og høve til å sjå staden der dei hadde budd og vakse opp.
Juletrefest med gong rundt juletreet og besøk av nissen avslutta året.
Val
På årsmøtet blei Jan Enerstvedt gjenvald som leiar. Bodil Vihovde overtar kasserarjobben og Margareth Tislevoll held fram som skrivar. Astrid Sveen og Ragnhild Sæverhagen (ny) er styremedlemer.
Jan Enerstvedt, leiar