nyhende
Stoppa vinglande bil
Politiet stoppa og kontrollerte vinglande bil.
Politiet fekk laurdag kveld beskjed om ein bil dei burde sjå nærare på.
— Bilen vingla mykje, og gjekk opp og ned i fart, seier vaktsjef Andre Skram Hansen ved Haugesund politistasjon.
Sjåføren av bilen var ein ungdom i byrjinga av 20-åra. Politiet fekk stoppa bilen på Tittelsnesvegen i nærleiken av Liereidvegen.
— Det var om lag klokka 23.00, seier Skram Hansen.
Annonse
Der gjorde dei ein kontroll og fann ikkje noko gale.
— Det vart blåse til 0,0 i promille, seier Skram Hansen.