nyhende
Stolen bil i grøfta
Lena Vallestad fekk seg ei stygg overrasking tysdag morgon då guten hennar skulle køyrast til skulen. — Mamma, det ligg ein bil i elva, sa sonen.
— Det må ha skjedd mellom klokka 23.00 og 07.00, seier Lena Vallestad.
Tysdag morgon gjekk sonen hennar ned oppkøyrselen på Kvednaneset. På veg til skuleskyssen kom han plutseleg løpande tilbake.
— Han fortalde at det låg ein bil i elva, men at det ikkje var nokon inni, seier Vallestad.
Nøklar i og lyset på
Rett utanfor tomta deira renn ei lita elv gjennom Kvednaneset. Der såg dei ein personbil som hadde køyrt utfor og låg på skrått, delvis sokke ned i vatnet.
— Nøklane var i og lysa sto på då me fann bilen, seier ho.
Vallestad viser dei lange skrapemerka i vegen, og meiner ein kan sjå kva som har skjedd.
— Den har hatt stor fart rundt svingen og sklidd på vegskuldra, seier ho.
Fleire store steinar har vorte rivne ut av vegen og ned i elva. Samstundes har sjåføren hatt hell i uhell.
— Vegskuldra må ha bremsa bilen kraftig, for airbagen er ikkje løyst ut, seier Vallestad.
Politiet har gjort undersøkingar
Bilen tilhøyrer ein annan sveibu i nærleiken, som har meldt den stolen til politiet.
— Den vart stolen i natt. Eg fekk beskjed at dei fann den der, seier sveibuen.
— Når merka du at den var stolen?
— I morges då eg skulle på jobb, svarar mannen.
Haugesund politistasjon fortel at dei også har vore involvert.
— Me har gjort nokre undersøkingar, seier Gunnar Sande, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
— Kva undersøkingar?
— Det reknar eg med er DNA-søk og søk etter fingeravtrykk. Det er det som er normalt å sjekka, seier Sande.
Skummel påminning
For Vallestad er dette ei skummel påminning om ein kjent problematikk.
— Det skjer at folk køyrer for fort her. Det er ein svingete veg som nokon synest er gøy å køyra fort på, seier ho, og fortset:
— Me bur her og ein annan familie bur rett over vegen. Barna spring fram og tilbake mellom oss. Hadde dette skjedde ein ettermiddag kunne ungar ha vorte drepne, seier ho oppgitt.