nyhende

INNANRIKS 24FEB2022TO07:21 Stille om Tajik frå Ap-toppar i RogalandID: 17854585NPK-NTBMedan politikarar frå heile spekteret har bede Hadia Tajik rydde opp i den gamle pendlarbustadsaka, er det stille blant Ap-toppane i heimfylket Rogaland.Stavanger Aftenblad har kontakta stortingsrepresentantar, fylkesleiar og ordførarar som representerer Ap i Rogaland, men sit igjen med ei lang liste over politikarar som ikkje vil uttale seg om partifellen og nestleiaren sin.Ordførar Arne-Christian Mohn i Haugesund seier at sist gong han vart kontakta av journalisten til avisa var i 2019, då det mellom anna gjaldt reiserekninga til Hege Haukeland Liadal. Mohn seier journalisten «dessverre berre er interessant i slike saker». Han påpeikar at ingen er feilfrie og seier han ikkje har behov for å kritisere andre om dei har gjort noko gale.Reiser ein eit stykke unna Tajiks heimstad, sit kritikken lausare, også frå eige parti. I Trøndelag seier Hitra-ordførar Ole L. Haugen til Adresseavisen at han meiner Tajik må vurdere truverdet sitt.– Ho må sjølv tenkje over kva truverd ho har til å forvalte Nav etter at dette er avdekt. Eg tek ikkje standpunkt til kor gale det er det ho har gjort, men truverdet er svekt, seier han til avisa.Tidlegare fylkestingsrepresentant Olav Huseby frå Orkland sa tysdag til Trønder-avisa at han meiner arbeids- og inkluderingsminister Tajik må gå av.– Den klare haldninga mi er at Ap ikkje kan ha ein statsråd som har juksa til seg fordelar på kostnad av samfunnet.Men også i Trøndelag er det fleire som uttrykkjer at dei framleis har tillit til nestleiaren i partiet. Sjølv ønskjer ikkje Tajik å kommentere kritikken, seier rådgivaren hennar, Jorid Nordmelan.(©NPK)nils.myklebost@ntb.noBilete: 2ekXbFA6WU8Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
INNANRIKS 24FEB2022TO07:21 Stille om Tajik frå Ap-toppar i RogalandID: 17854585NPK-NTBMedan politikarar frå heile spekteret har bede Hadia Tajik rydde opp i den gamle pendlarbustadsaka, er det stille blant Ap-toppane i heimfylket Rogaland.Stavanger Aftenblad har kontakta stortingsrepresentantar, fylkesleiar og ordførarar som representerer Ap i Rogaland, men sit igjen med ei lang liste over politikarar som ikkje vil uttale seg om partifellen og nestleiaren sin.Ordførar Arne-Christian Mohn i Haugesund seier at sist gong han vart kontakta av journalisten til avisa var i 2019, då det mellom anna gjaldt reiserekninga til Hege Haukeland Liadal. Mohn seier journalisten «dessverre berre er interessant i slike saker». Han påpeikar at ingen er feilfrie og seier han ikkje har behov for å kritisere andre om dei har gjort noko gale.Reiser ein eit stykke unna Tajiks heimstad, sit kritikken lausare, også frå eige parti. I Trøndelag seier Hitra-ordførar Ole L. Haugen til Adresseavisen at han meiner Tajik må vurdere truverdet sitt.– Ho må sjølv tenkje over kva truverd ho har til å forvalte Nav etter at dette er avdekt. Eg tek ikkje standpunkt til kor gale det er det ho har gjort, men truverdet er svekt, seier han til avisa.Tidlegare fylkestingsrepresentant Olav Huseby frå Orkland sa tysdag til Trønder-avisa at han meiner arbeids- og inkluderingsminister Tajik må gå av.– Den klare haldninga mi er at Ap ikkje kan ha ein statsråd som har juksa til seg fordelar på kostnad av samfunnet.Men også i Trøndelag er det fleire som uttrykkjer at dei framleis har tillit til nestleiaren i partiet. Sjølv ønskjer ikkje Tajik å kommentere kritikken, seier rådgivaren hennar, Jorid Nordmelan.(©NPK)nils.myklebost@ntb.noBilete: 2ekXbFA6WU8Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik.

Stille om Tajik frå Ap-toppar i Rogaland

Medan politikarar frå heile spekteret har bede Hadia Tajik rydde opp i den gamle pendlarbustadsaka, er det stille blant Ap-toppane i heimfylket Rogaland.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Stavanger Aftenblad har kontakta stortingsrepresentantar, fylkesleiar og ordførarar som representerer Ap i Rogaland, men sit igjen med ei lang liste over politikarar som ikkje vil uttale seg om partifellen og nestleiaren sin.

Ordførar Arne-Christian Mohn i Haugesund seier at sist gong han vart kontakta av journalisten til avisa var i 2019, då det mellom anna gjaldt reiserekninga til Hege Haukeland Liadal. Mohn seier journalisten «dessverre berre er interessant i slike saker». Han påpeikar at ingen er feilfrie og seier han ikkje har behov for å kritisere andre om dei har gjort noko gale.

Reiser ein eit stykke unna Tajiks heimstad, sit kritikken lausare, også frå eige parti. I Trøndelag seier Hitra-ordførar Ole L. Haugen til Adresseavisen at han meiner Tajik må vurdere truverdet sitt.

– Ho må sjølv tenkje over kva truverd ho har til å forvalte Nav etter at dette er avdekt. Eg tek ikkje standpunkt til kor gale det er det ho har gjort, men truverdet er svekt, seier han til avisa.

Tidlegare fylkestingsrepresentant Olav Huseby frå Orkland sa tysdag til Trønder-avisa at han meiner arbeids- og inkluderingsminister Tajik må gå av.

– Den klare haldninga mi er at Ap ikkje kan ha ein statsråd som har juksa til seg fordelar på kostnad av samfunnet.

Men også i Trøndelag er det fleire som uttrykkjer at dei framleis har tillit til nestleiaren i partiet. Sjølv ønskjer ikkje Tajik å kommentere kritikken, seier rådgivaren hennar, Jorid Nordmelan.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS