nyhende

– Still opp som vakter i Vigdartun

Kommunestyremøtet måndag blei avslutta med ein appell frå Kristian Haaland (Ap) til resten av dei folkevalde: – Meld dykk som frivillige vakter ved House of Fun i Vigdartun!

Publisert Sist oppdatert

– Eit par representantar gav respons like etter møtet og sa seg interesserte i å ta utfordringa, fortel Haaland til Vestavind.

– Utfordring kvar gong

House of Fun er eit tilbod til ungdommar frå 8. klasse ein gong i månaden. Vanlegvis møter rundt hundre ungdommar opp. Då trengst det åtte-ti vakter, fortel ungdomsarbeidar og tilsynsvakt ved Vigdartun Flemming Lothe.

– Først og fremst er det foreldra til dei ungdommane som går på House of Fun me appellerer til. Om alle hjelper til blir det berre ei tre timars vakt på kvar i løpet av skuleåret, seier Lothe.

Men slik fungerer det ikkje i praksis.

– Det er dei same som stiller opp igjen og igjen. Generelle appellar på Facebook hjelper lite. Eg må kontakta foreldre direkte for å få nok folk. Sist blei House of Fun avlyst, delvis på grunn av mangel på vakter.

– Heilt topp

Lothe seier det er heilt topp om politikarar og tilsette i kommunen vil stilla opp for ungdommane.

I appellen sin nemnde Kristina Haaland at House of Fun blei avlyst sist, av ulike årsaker.

– Bakgrunnen for innlegget mitt var likevel ikkje berre å skaffa nok vakter, men også å fortelja at dette kan vera ein unik måte å få kontakt med ungdommane for oss politikarar. Dermed kan me få innsikt i kva dei er opptekne av og kva behov dei kjenner på, seier han.

18. oktober er det igjen planlagt House of Fun i Vigdartun. Då vil det visa seg om appellen frå Haaland har nådd fram.

Powered by Labrador CMS