nyhende
Stikk Ut! – gigantsuksess for folkehelsa
Tursuksessen Stikk UT! er i ferd med å bli ein landsomfattande trimfarsott, men starta som eit lokalt prosjekt i 2005, som ein del av friluftslivsåret.
Stikk Ut! er kort og godt ein app du lastar ned på telefonen din. Her finn du turar av ulike lengd og vanskegrad med kart og turskildringar i kommunen din. Og det skal vere for alle, frå små born til seniorar, frå turløver til sofaslitarar.
Det er sjølvsagt mogleg å gå på Stikk Ut!-tur også i andre kommunar enn din eigen. Målet er at stadig fleire skal få lyst å gå på tur gjennom denne appen. Ein ønskjer å motivere til gode naturopplevingar og medverke til betre folkehelse.
– Eg trur konkurranseaspektet har vore viktig for populariteten. Ein kan setje seg sine eigne mål og konkurrere med seg sjølv. Men du kan også konkurrere med andre. Du kan samle på turmål og konkurrere om å ha flest turar. Det appellerer til konkurranseinstinktet og kanskje også samlemanien, seier Ola Fremo, prosjektleiar for Stikk Ut i Nordmøre og Romsdal friluftsråd til Nynorsk pressekontor. Tiltaket starta som eit lite prosjekt i Molde for 20 år sidan.
Spreidde seg raskt
Frå Molde spreidde Stikk Ut! seg til resten av Nordmøre og Romsdal. Så kom Sunnmøre med, slik at alle kommunane i dette fylket no er med.
Veksten har vore formidabel. I 2024 heiv sju nye regionar seg på, Finnmark, Nord-Troms, Midt-Troms, Midtre Hålogaland, Vesterålen, Fjordane og Lister.
I år kjem Sogn, Valdres, Ryfylke, Jæren, Dalane, Midt-Agder og Friluftsrådet Vest med i Stikk Ut-familien. Det betyr at 16 friluftsråd, som til saman utgjer 128 kommunar no er med. Friluftsråda følgjer ikkje dei vanlege fylkesgrensene.
– Målet er ei stegvis innføring av den populære turtrimmen til resten av landet, seier Hilvi Auerdahl, prosjektleiar for Stikk Ut! nasjonalt, til Nynorsk pressekontor.
Ho fortel at opplegget først og fremst er eit folkehelseprosjekt. Målet er å få flest mogleg ut på tur, også dei som normalt ikkje er å rekne som friluftsmenneske og som trivst best i sofaen. Derfor er det mange lågterskelturar med på programmet, men også turar for meir erfarne.
Fjordane friluftsråd starta opp med dette trimprosjektet i fjor sommar, og det vart registrert 1600 turar der første sesongen. I år blir det fleire.
– Folk har teke godt imot dette tilbodet. Vi legg opp turane i samarbeid med den enkelte kommune. Vi finn aktuelle turmål saman, snakkar med grunneigarar og vi har eit nett av frivillige som plasserer ut trimpostar, fortel prosjektleiar i Fjordane friluftsråd, Jan Erik Hansen.
– Lågare sjukefråvær
Stikk Ut Bedrift er eit tilbod til bedrifter som ynskjer at dei tilsette skal delta i friluftsaktivitetar.
– Fleire bedrifter har meldt om lågare sjukefråvær, auka trivsel og hyggeleg fellesskap rundt turpraten i lunsjpausane. Ulike avdelingar kan konkurrere med kvarandre om å nå flest turmål, og det har hatt positiv effekt mange stader. Men bedrifta kan også delta som eit samla lag, seier Fremo.
– Du får ikkje fleire poeng for å gå langt og høgt enn for ein liten tur i låglandet. Det er eitt poeng per tur. Det er her folkehelseaspektet kjem inn. Flest mogleg skal ut og gå, sjølv om det ikkje er så langt. Ein del av turmåla skal vere slik at det er mogleg å gå dit på ein liten kveldstur, og det er viktig at også dei korte turane gir poeng, legg han til.
Det er ei turgruppe i den enkelte kommunen som legg inn turane i appen. Det kan vere snakk om mellom 15 og 25 turar for kvar kommune, og altså alle vanskegradar. Stikk Ut består av eit stor nettverk av frivillige, som lagar turskildringar og heng opp skilt og har andre praktiske oppgåver. I kvar kommune er det også ein Stikk Ut!-kontakt, som ofte er ein tilsett i kommuneadministrasjonen.
(©NPK)