nyhende
Sterk vind råkar ferjesamband
Det blæs kraftig i Sveio og nærområda torsdag. Like før klokka 6 melder Fjord 1 at fergesambandet mellom Langevåg og Buavåg er innstilt grunna den sterke vinden.
Det blæs kraftig i Sveio og nærområda torsdag morgon. Like før klokka 6 melder Fjord 1 at fergesambandet mellom Langevåg og Buavåg er innstilt grunna den sterke vinden.
Torsdag morgon blæs det stiv kuling frå nordvest, med vindstyrke på opptil 30 sekundmeter (sterk storm) i kasta.
Vinden skal løye noko utover dagen, men vil halde seg på rundt stiv kuling frå nordvest utvoer dagen, ifølge Meteorologisk institutt:
Vêrvarsel for Hordaland og Rogaland torsdag:
Hordaland
Nordvest sterk kuling utsette stader. Regnbyer, snøbyer over 400-600 m.
Rogaland
Vestleg stiv kuling utsette stader, først på dagen nordvestlig liten storm, full storm på kysten i sør. Regn. Frå i føremiddag nordvest sterk kuling, på kysten i sør liten storm. Regnbyer, snøbyer over 400-600 m.