nyhende
Stengte tunnelen då redusert hastigheit ikkje blei respektert
Like før klokka 17.30 måndag meldte vegtrafikksentralen frå om ein lastebil med motorstans i Bømlafjordtunnelen. Hastigheita blei redusert til 50 km/t. som følgje av hendinga, men då fartsgrensa ikkje blei overhalde av øvrig trafikk, blei den stengt fram til politiet kom fram for å overvaka trafikken, opplyser politiet i Sør-Vest på Twitter.
Rundt 20 minuttar seinare var tunnelen open, men med redusert hastigheit.