Sveio kommune melder på si nettside at vegen gjennom Vågedalen blir stengt på dagtid måndag, tysdag og onsdag denne veka. Dette grunna vegarbeid.
— Ein nabo skal felle nokre større tre nær vegen, og i samband med det er det naudsynt å stenge vegen, opplyser kommunalsjef Kenneth Tollefsen i Sveio kommune til Vestavind.
Dei som bruker «snarvegen» mellom fylkesveg 47 og fylkesveg 4980 til og frå Vikse må dermed finnes seg ei anna rute.
Vegen gjennom Vågdalen vart nyleg oppgradert med gatelys, fartshumpar og utbetringar langs Vågeelva.