nyhende
Stenger Stordabrua og Bømlabrua i periodar
Frå klokka 22.00 torsdag kveld til klokka 06.00 vil begge bruene i Trekantsambandet bli stengt i periodar.
– Me startar klokka 22.00 med å ta ned ei vogn på Stordabrua. Den skal demonterast og køyrast på lager. Deretter skal cross overen – gangbrua som går på tvers – takast ned og flyttast til Bømlabrua, seier prosjektleiar Trond-Ingve Mølstre i Statens vegvesen.
Ein av dei siste
Det blir ikkje samanhengande stenging, og Mølstre reknar med at det kan bli rundt ein time for kvar operasjon på Stordabrua.
Det same vil skje på Bømlabrua frå midnatt og utover. Der er det varsla stenging fram til klokka 06.00, men dei kan bli ferdige før det.
– Det nærmar seg slutten på vedlikehaldet på Stordabrua, så dette blir nok ein av dei siste stengingane der, seier Mølstre.
Nesten 228 millionar
Utbetringane av Stordabrua (1.087,5 meter) og Bømlabrua (999 meter) er eit fellesprosjekt med Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune. Kontrakten er på 227.803.348 kroner pluss moms for vedlikehaldsarbeidet på dei to bruene.
Vedlikehaldet på Bømlabrua skal vera ferdig i løpet av oktober.