nyhende

E134 Åkrafjordtunnelen i Etne. Kart: Statens vegvesen
E134 Åkrafjordtunnelen i Etne. Kart: Statens vegvesen

Stenger E134 i to timar

Har du tenkt deg austover på E134 i helga, kan der vera greitt å vita at Åkrafjordtunnelen blir stengt ein periode laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Årsaka er ei fullskala øving mellom klokka 09.30 og 11.30 der alle naudetatane deltek saman med Statens vegvesen. E134 i dette området i Etne blir stengd i tida øvinga finn stad, melder Vegvesenet.

– Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta at me skal ha brannøving. Dette er ein viktig del av vårt kontinuerlege arbeid med å sørga for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett, seier praktisk tunnelforvaltar Karoline Bakken Bråthen i Statens vegvesen.

Øvinga bli gjennomført for trafikantane sin tryggleik; for å vera best mogleg førebudde ved reelle tunnelhendingar.

– Ein del av øvinga er å bruka røykmaskin for å simulera ein brann i tunnelen. Det vil derfor vera mogleg å sjå røyk i området rundt tunnelen, legg Bråthen til.

Den 7.404 meter lange Åkrafjordtunnelen vart opna 15. juli 2000. Tunnelen vert gjennomsnittleg trafikkert av 2.100 køyretøy per døgn. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 25 prosent, eller 525, lange køyretøy (tungtrafikk).

Powered by Labrador CMS