nyhende
Stenger Bømlabrua i sju timar
Mellom klokka 23.00 laurdag 31. august og 06.00 søndag 1. september blir Bømlabrua heilt stengt. Årsaka er fjerning av ei vedlikehaldsvogn.
Har du tenkt deg til og frå Bømlo på dette tidspunktet, er det omkøyring via ferjesambandet Langevåg-Buavåg.
Fjord1 melder fredag føremiddag at det blir sett inn ekstra ferjeruter i samband med brustenginga frå laurdag kveld til søndag morgon:
Frå Langevåg: 22.00, 23.00, 24.00, 01.00, 03.00, 05.00 og 06.15. Vanleg søndagsrute frå klokka 09.00
Frå Buavåg: 22.30, 00.30, 01.30, 03.30, 05.30 og 06.45. Vanleg søndagsrute frå klokka 09.30.
Arbeidsulykke
Vogna, som veg 16 tonn, har hengt på ein av berekablane til brua etter at ein vaier slitna i juli. Ein person vart skadd i ulykka.
På grunn av tyngda til vedlikehaldsvogna og kapasiteten til Bømlabrua, må brua stengast heilt når ein stor mobilkran skal løfta vogna ned.
Arbeidet i rute
– Vedlikehaldsarbeidet på brua er i rute. Det vil framleis vera trafikk i eitt køyrefelt nokre veker framover, og tidvise kortvarige stengingar på natt, skriv Kristoffer Hove, prosjektleiar for bru- og kaivedlikehald i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.