nyhende
Stengde døra for siste gong
Klokka 12 på nyttårsaftan gjekk siste kunde ut døra. Åse Marie Økland stengjer nærbutikken i Auklandshamn, men håpar framleis at nokon tek over.
Det var mykje bilar utanfor nærbutikken laurdag føremiddag. Fleire kom for å handle, og ta farvel med Åse Marie Økland. Mange takka dei tilsette for kva dei har betydd for bygda, og meir enn ein gong var det ein klem.
God service til siste sekund
Ein av dei handlande var representant i kommunestyret Jarle Jacobsen (KrF). Han takka Økland og ynskja dei godt nyttår.
— Det er trist og vemodig. At me ikkje lenger har butikk, og at det ikkje står nokon klare til å ta over. For den går jo rundt, sa Jacobsen.
På veg ut døra vart Jacobsen ynskja godt nyttår av Maria Kristine Økland, dotter til Åse Marie Økland og tilsett ved nærbutikken.
— Me sjåast plutseleg, sa Maria Kristine Økland.
Ho synast det var veldig trist, samstundes som det var rørande å sjå kva kundar gjorde og sa til dei.
Økland hjalp ein av dei siste kundane med å pakke handleposane og fekk ein klem.
Då klokka nærma seg 12 kom det nokre kundar i siste liten. To av dei var Annbjørg Kvestad og dottera Leah Bårdsen.
— Det er veldig keisamt, det blir litt tomt. Det er trist. Det har vore enkelt å handle her, og sosialt for borna sin del, sa Kvestad.
Då den siste kunden hadde gått ut nærbutikken var det slutt. Saman med tilsette og familie skal butikksjefen gjere ein siste vareoppteljing.
— Det var fint å få klemmar av kundar, sa ein rørt Økland.
Ho var glad for at mykje vart handla den siste tida, og spøkte om kva som sto igjen.
— No blir det mykje salat og mjølk framover, sa Økland.
Held på håpet
Sjølv om nærbutikken hennar stengde for godt var ho ikkje utan håp.
— Eg håpar framleis nokon kjem og tar over, sa Økland.
Sidan ho kom med kunngjeringa har det vert jobba mykje med å finne ein til å ta over.
— Me jobbar framleis med saka, sa Kristian Wathne.
Han er leiar i Stølen Forretningsbygg SA og representerer sameiget som eig bygget nærbutikken held til i.
Tidlegare i haust vart det heldt eit folkemøte i Auklandshamn om nærbutikken, arrangert av Wathne på vegner av nærbutikken og sameiget. Wathne og fleire snakka om status for nærbutikken, svarte på spørsmål og forsøkte å finne ein arvtakar.
Ikkje eit dødsstøyt
Ein av dei som snakka var Lars Helgeland frå den statlege organisasjonen Merkur-programmet.
Helgeland åtvara då om konsekvensane for Auklandshamn om nærbutikken forsvann.
Mangel på butikk gjev lågare prisar på hus og hyttar, samt minkar tilflytting. Då får ein færre born i skulen, som aukar sjansa for at den også forsvinn.
Då han vert kontakta før freista før stenginga sa han følgjande.
—Det er eit nederlag for Auklandshamn å ikkje ha butikk, sa Helgeland.
Jamvel understreka han at ikkje alt er mørkt.
— Når butikken blir vekke får bygda kjenne på korleis det er å ikkje ha butikk, og då vert ofte kreftar mobiliserte, sa Helgeland.
Han nemnde fleire stader som har vore utan butikk, og fått den tilbake.
— Suldal og Hjelmeland var utan i eitt år, og no går dei bra. Det er ikkje noko dødsstøyt at det ikkje er butikk der ein stund, sa Helgeland.