nyhende
Stemte for å behalda legekontoret der det er
Hovudutvala for helse og omsorg og oppvekst og kultur, var som forventa einige om at Førde legekontor skal forbli i Førde.
Det blei ikkje så mykje diskusjon rundt akkurat dette spørsmålet, for som det kom fram tidlegare i dag, har alle parti uttrykt at dei ønskjer å behalda legekontoret i Førde.
Det viste seg også rundt møtebordet til representantane i hovudutvalet for oppvekst og kultur – dei frammøtte var einige om å ikkje gå i gong med samanslåing av dei to legekontora.
To vedtak
Dagfinn F. Bjørge frå Sveio Sp ønskte å ha med ei setning i vedtaket som seier noko om at ein i framtida ønskjer å ha to legekontor, for å ivareta innbyggjarane på ein god måte. Fleire meinte at vedtaket «Førde legekontor blir verande i Førde» stod seg godt nok aleine.
Forslaget blei vedteke av alle dei sju representantane.
Hovudutval oppvekst og kultur diskuterte også saka i kveld, der blei ordlyden som omhandlar legekontoret blei vedteke slik: Prosessen med samanslåing av legekontor blir stoppa.
Formannskapet gjenstår, før endeleg vedtak blir gjort i kommunestyret.