nyhende
Stemhaugen feira 20 år
Sist fredag var det duka for feiring av Stemhaugen bueining. I år kan dei feira 20 år som ein trygg bustad for bebuarane, og ein god arbeidsplass for dei tilsette.
Sveio kommune overtok 1. desember 2004 bygget som ligg på vegen opp mot Sveioåsen. Frå før hadde Sveio kommune drifta Åsvegen bueining sidan starten på 90-talet, men behovet for fleire tilrettelagde bustadar auka og ein måtte bygga meir. Dei nye bebuarane var på plass i leilegheitene sine i Stemhaugen berre dagar etter at kommunen overtok bygget.
Evy Kjellevold leiar i dag habiliteringstenesta i Sveio kommune og har vore med sidan starten på Stemhaugen. Ho skrytte over dei tilsette, som gir bebuarane ein trygg og god kvardag, der også dei pårørande slappar av i visse om at deira kjære blir godt tatt vare på.
– Eineståande tilbakemeldingar
– Tilbakemeldingane frå dei pårørande er heilt eineståande, fortalde kommunalsjef Ingunn Toft til både bebuarar, tilsette og innbydde gjester.
Sveio kommune er del av eit prosjekt der ein har utført undersøkingar blant dei pårørande. Resultatet av desse vart nyleg presentert på ein konferanse i Bergen.
– Det var rett og slett rørande å lesa dei gode tilbakemeldingane. Alle dei tilsette gjer ein kjempejobb med å ivareta det kjæraste ein familie har, eit born seier Toft.
– Flinke tilsette og trygge bustadar
Med på markeringa var også ordførar André Mundal Haukås som overrekte gåve til både bebuarar og dei tilsette på vegne av kommunestyret.
– Me er heldige å ha flinke tilsette og trygge bustadar for dei av våre innbyggjarar som treng ein tilpassa heim med ekstra hjelp. Det er kjekt å høyra, både frå bebuarane sjølve og familiane deira at ein trivst i Stemhaugen og dei andre bueiningane me har i kommunen seier Haukås.