nyhende

Stemde ned gjennomgang av søndagsopne turiststader

Fleire stader i Noreg får omtale seg som «typiske turiststader», og dermed omgå heilagdagsfredslova om søndagsopne butikkar. Eit forslag om å gå gjennom regelverket og stramme inn krava for å få statusen, blei stemt ned i Stortinget.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje heilagdagsfredlova skal faste utsalsstader som sel varer til forbrukarar, vere stengde på søndagar og andre heilagdagar, men det finst unntak frå lova.

Kommunar kan søke til Statsforvaltaren i fylket sitt om å få unntak frå lova ved å kalle nokre stadar for «typisk turiststad». Blir dei godkjente som det, kan dei ha ope på søndagar. Når ein kommune får ei slik forskrift, er det inga tidsavgrensing.

Heile kommunen

119 av totalt 356 kommunar har status som «typiske turiststader», ifølgje ei kartlegging HK-nytt gjorde i fjor. Kartlegginga kan du lesa her.

Også 17 kommunar har fått vedteke at heile kommunen er typisk turiststad, viste HK-nytt kartlegginga. Andre unntak frå heilagdagsfredlova er at butikkar med salsflate på under 100 kvadratmeter kan halde ope på søndagar.

Tidlegare kinoframvising stemt ned

På bakgrunn av kartlegginga til HK-nytt, valde Raudt å fremje eit forslag til Stortinget der dei ber regjeringa ta ein gjennomgang av stader som har status som «typiske turiststader» og å stramme inn reglar for å oppnå denne statusen. Målet med dette er at ein skal bevare søndagen som ein annleisdag, ifølgje Raudt.

Forslaget var oppe til votering i Stortinget tysdag 5. mars, og blei stemt ned av eit fleirtal.

Medlemmer frå Høgre, Framstegspartiet, og Venstre foreslo òg å tillate søndagsopne butikkar og kinoframvising før klokka 13.00 på søndagar. Også dette blei stemt ned av eit fleirtal.

– Regelen må vere stengde butikkar

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) skriv i si innstilling til familie- og kulturkomiteen at regjeringa allereie jobbar med kunnskapsinnhenting og innspelsmøte om søndagsopne butikkar. Blant anna har dei

Ho meiner det trengst grundige vurderingar for å endre regelverket og understrekar at det er Stortinget som har rettsleg kompetanse til å vurdere søknader om status som typisk turiststad.

– Eg meiner at det ikkje bør bli for mange typiske turiststader dersom dagens lov skal opplevast reell. Hovudregelen må framleis vere at faste utsalsstader som sel varer til forbrukarar, skal halde stengt på søn- og heilagdagar, skriv Toppe.

Powered by Labrador CMS