nyhende

Steinhaugmarka: – Ikkje ein moldklump til spille!

Berre dagen etter fyrste spadetak har fleire meterhøge haugar med dyrkbar jord samla seg på Steinhaugmarka. Utbyggar BlinkHus Valvatne forsikrar om at jorda skal takast godt vare på.

Publisert Sist oppdatert

I fleire tiår har Steinhaugmarka vore nytta til slått, og gjeve gras til mang eit gardsdyr. No er det slutt på det, sidan eit større bustadsprosjekt byrja der onsdag 4. oktober.

Varetar jorda

Allereie har fleire store haugar i fleire meters høgde samla seg opp av dyrkbar jord. Sjølv om jordet vert til bustadar, skal ikkje jorda berre kastast bort forsikrar utbyggar uroa sveibuar.

– Den skal mellomlagrast på tomta og så skal mesteparten tilbakeførast til tomtene etterpå, seier Bjørn Storebø i BlinkHus Valvatne.

Dei har hyra inn lokal entreprenør Geir Flatnes AS. Selskapet skal ta vare på jorda og reinsa den for stein, før brorparten av jorda leggast tilbake på tomtene når prosjektet nærmar seg slutt.

– Ikkje til spille

Noko av jorda kjem Geir Flatnes AS til å behalda sjølv, då det truleg vert meir enn naudsynt for bustadsprosjektet.

– Det skal entreprenør kunne selja vidare som fin bruksjord, seier Storebø.

Han har forståing for at det er ein svært synleg og rask endring for utsjånaden på området. At folk er bekymra for kva som skal skje med jorda skjønner han godt. Difor understrekar han at dei ikkje treng uroa seg.

– Ikkje ein moldklump skal gå til spille, avsluttar Storebø.

Powered by Labrador CMS