nyhende

Det blir nødvendig med meir vindkraft på land, meiner Statnett. Her ser vi Guleslettene vindpark like ved Florø. Her er det reist 47 vindmøller, og kvart tårn er 90 meter høgt. Foto: Tore Meek / NTB / NPK
Det blir nødvendig med meir vindkraft på land, meiner Statnett. Her ser vi Guleslettene vindpark like ved Florø. Her er det reist 47 vindmøller, og kvart tårn er 90 meter høgt.

Statnett-sjefen: — Kjem ikkje unna vindkraft på land

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Vindkraft på land er nødvendig for å nå klimamåla og unngå kraftmangel og høge straumprisar fram mot 2030, meiner Statnett-sjef Hilde Tonne.

– Vi kjem ikkje utanom vindkraft på land viss vi skal levere på klimamåla. Det er det valet vi må ta, seier Tonne til Bergens Tidende/E24.

Det blir for tida bygd ut lite kraft, mellom anna fordi Noreg stansa saksbehandlinga av ny vindkraft i 2019. Samtidig aukar forbruket. Det gjer at Noreg får eit kraftunderskot allereie i 2027, ifølgje Statnett.

– Det blir meldt inn store kraftbehov, medan vi nesten ikkje ser investeringar i produksjon, seier Tonne.

Ho seier dei ikkje klarer å sjå noko alternativ til vindkraft på land.

– Vi har late vere å investere i produksjon så lenge at no sit vi i ein situasjon der det hastar veldig. Det som trengst no, er at vi tek dei tøffe vala. Vi får ikkje i pose og sekk, seier Tonne.

Noreg bruker i dag rundt 140 TWh straum i året, medan produksjonen er på om lag 155 TWh. Vindkrafta i Noreg har for tida ein årleg produksjonskapasitet på rundt 15 TWh.

– Viss vi skal nå klimamåla, så er det sagt at det trengst totalt 50 terawattimar meir kraftproduksjon i 2030 i tillegg til det vi har i dag, seier Statnett-sjefen.

– Vi kan oppgradere vasskraft for kanskje 10 TWh viss vi verkeleg tek i. Men då manglar det framleis 40 terawattimar i 2030, seier Tonne.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS