nyhende

Lågare straumprisar gjer at Statkraft tente mindre pengar i 2024 enn i 2023, forklarer konsernsjef i Statkraft, Birgitte Ringstad Vartdal, mens ho presenterer årsresultatet for 2024. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Lågare straumprisar gjer at Statkraft tente mindre pengar i 2024 enn i 2023, forklarer konsernsjef i Statkraft, Birgitte Ringstad Vartdal, mens ho presenterer årsresultatet for 2024.

Statkraft skal satse meir på Vestlandet

Birgitte Ringstad Vartdal har gjort fleire endringar etter at ho for eitt år sidan tok over som konsernsjef i Statkraft. Ei av prioriteringane er fleire kraftprosjekt på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

I april er det fem år sidan Birgitte Ringstad Vartdal først gjekk inn dørene hos Statkraft. Det viktigaste for ho etter at ho tok over sjefsstolen har vore å prioritere kva slags land og kva slags prosjekt selskapet skal gå vidare med.

– Å prioritere porteføljen har vore det første store. Samle oss i forhold til kvar vi har aktivitet. Geografisk, men også på teknologi, seier ho og ramsar opp, sol-, vind-, vass- og batteriprosjekt.

– Vi har masse kult på Vestlandet, legg ho til.

Blant prioriteringane er dei nye vasskraftverka Aura i Sunndal kommune og Mauranger i Kvinnherad. I tillegg blir det jobba med utbetringar på ei rekke eksisterande vasskraftverk og vindkraftanlegg i Rogaland.

Tredobla investeringar

På onsdag la Ringstad Vartdal fram sitt første årsresultat som konsernsjef i Statkraft.

Trass i eit driftsresultat på heile 26,4 milliardar er det ikkje like godt som året før, då selskapet gjekk 41,4 milliardar i pluss. Eigarutbyttet til staten har også gått ned, frå 13 til 8,8 milliardar.

Lågare straumprisar er hovudårsaka til nedgangen, men konsernsjefen blir ikkje skremt av å sjonglere så store verdiar på vegner av fellesskapet.

– Eg tenker ikkje så mykje på beløpa. Det er såpass store tal å forhalde seg til. Det viktigaste for meg er at eg kan stå for det eg og selskapet gjer kvar einaste dag.

I sitt første år i sjefsstolen investerte Ringstad Vartdal for 34 milliardar kroner, meir enn tre gonger så mykje som i 2022. Ho innrømmer at ho får god bruk for mastergraden sin i finansiell matematikk.

Konsernsjef i Statkraft, Birgitte Ringstad Vartdal, er oppvaksen i Ålesund, med foreldre frå Sunnmøre, men den gode ålesundsdialekta har blitt litt påverka av 25 år på Austlandet, måtte ho innrømme.

Vil endre funksjonen til Statkraft

Trass i at Statkraft starta som eit norsk vasskraftselskap har dei med åra blitt eit internasjonalt selskap med nær 7000 tilsette i meir enn 20 land. Likevel kjem over 90 prosent av overskotet frå Norden. I periodar av 2024 tapte også Statkraft pengar på investeringane sine i utlandet.

Leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum er blant dei som har reagert på at Statkraft investerer i utlandet, mens vi treng meir kraft i Noreg. Senterpartiet har også fremma eit forslag i Stortinget om å endre Statkrafts mål frå å oppnå høgast mogleg avkastning til å oppfylle kraftpolitiske mål.

Konsernsjefen vil ikkje meine noko om stortingsforslaget, men held fast på at Statkraft investerer så mykje som dei kan i Noreg.

– Vi bruker allereie i dag tre til fire milliardar kroner årleg på å ta vare på eksisterande vasskraft. Så har vi annonsert eit stort utviklingsprogram, både på vatn og vind i Noreg, seier Ringstad Vartdal.

Bonusfesten held fram

Etter fjorårets årsrapport måtte Ringstad Vartdals forgjengar, Christian Rynning-Tønnesen, stille på NRKs Debatten for å forklare dei høge bonusordningane i selskapet. Bonusutbetalingane for 2024 er omtrent uendra frå året før og ligg framleis litt over 1,7 milliardar kroner, men fordelt på fleire sidan selskapet auka talet på tilsette med nesten 1000 folk.

Delen av kaka som gjekk til prestasjonsbaserte bonusar for Statkrafts krafthandlarar, hovudsakeleg basert i Tyskland, gjekk ned frå 895 millionar i 2023 til 413 millionar i 2024.

Dagens Næringsliv melde i februar at fire enkeltpersonar i Tyskland fekk utbetalt til saman 266 millionar kroner frå det statseigde selskapet i 2023. Ringstad Vartdal seier at ho forstår om folk reagerer på beløpa.

– Så må ein tenke kvifor dei har tent dei summane. Det er fordi ein har skapt betydeleg større verdiar enn det.

Den høgaste utbetalte bonusen i Noreg var på 15 millionar kroner i 2024.

Powered by Labrador CMS