nyhende

Startar Sveio sitt første ungdomsparti (på nokre år)

Tre ungdomar skal stifta ungdomsparti, noko det ikkje har vore på fleire år i Sveio. Dei tre står på lista for Høgre i kommunevalet, og trur Unge Høgre kan vera ein arena for likesinna ungdom til å engasjera seg.

Publisert Sist oppdatert

Året etter Unge Høgre fylte 100 år skjer nok ei historisk hending, Sveio får sin første Unge Høgre-avdeling. Tuva Naustvik Økland, Lars Petter Lie og Håkon Sveen Lothe er tre ungdomar frå Auklandshamn, Vikse og Sveio, fødd i 2005, 2001 og 2002.

Vert stifta formelt etter valet

Sjølv om nyheita er ute, er det ikkje hundre prosent offisielt enno.

– Me er komen dit at me skal ha første årsmøte kor me skal stifta Unge Høgre Sveio. Det vert truleg seinare i september, seier komande medlem og Høgre-kandidat Lars Petter Lie.

No held dei på å avklara passande tidspunkt med leiaren av Unge Høgre i Vestland fylke, slik at han kan vera med på stiftinga. Men det vert ikkje første gong Unge Høgre tek turen til Sveio.

– Me hadde besøk frå dei to veker tidlegare. Dei var med på å banka på hus og snakka med veljarar. Då fortalde dei om korleis dei gjorde det i Bergen med arrangement og samlingar, seier Lie.

Historisk

– Kjem dykk sjølv til å byrja å rekruttera ungdomar?

– Me håpar alltid å få med fleire likesinna. Me tenkjer å halda opne arrangement kor folk kan koma og vera med, seier han.

Tidlegare har Sveio hatt ungdomsparti for KrF, Ap, MDG og Sp, men ingen av desse har vore aktive på fleire år. Lie er stolt over at det dei gjer no er historisk for Unge Høgre.

Dei tre står på lista til Høgre i kommunevalet som kandidatar på 18. plass (Lars Petter,) 19. plass (Håkon) og 24. plass (Tuva).

Plass til ungdomen

Sjølv har han erfaring frå Sveio ungdomsråd, kor han fekk oppleva politisk handsaming på nært hald.

– Eg var med der frå eg var gamal nok til å kunna vera med til eg måtte gå. Eg var leiar, nestleiar, og så fekk eg vera med på fleire utval, formannskapsmøte og liknande, seier han.

– Er det noko forskjell politisk frå Unge Høgre og Høgre i Sveio?

– Sett i Sveio trur eg fort ein ynskjer det same for kommunen sin del. Unge Høgre er nok meir kjend for å vera litt meir liberale enn sitt moderparti, men det er nok meir nasjonalt sett, svarar han.

– Kva er den viktigaste saka for det komande Unge Høgre?

– Nyskapande aktivitetsanlegg. Det har vore snakk om både det og badeanlegg. Ein har jo kartlagt behovet blant ungdom, og det er ikkje alle som driv med organiserte aktivitetar. Då kan dei få ein plass å henga utan å vera medlem i eit idrettslag eller noko. Få på plass ein liten mekkehall til dømes, seier han.

MERKNAD:
I den første utgåva av artikkelen stod det at Unge Høgre vert Sveio sitt første ungdomsparti. Det er feil, og me ber om orsak for feilen.

Powered by Labrador CMS