nyhende
Startar ny liste i Sveio
Tverrpolitisk fellesliste er eit nytt alternativ for sveibuar til valet i haust. — Folk synest det er behov for oss, seier 1. kandidat Asle Georg Halleraker.
Til hausten vert det ein ny stemmesetel i valbua, Tverrpolitisk fellesliste. Bak den står fleire personar med bakgrunn frå heile det politiske spekteret, ifølgje 1. kandidat Asle Georg Halleraker.
— Me har folk som har vore med i SV, FrP, Høgre og Ap, seier han.
For dei listelause
Saman med nummer to på lista, Ådne Christiansen, gjev han eit lanserande intervju om kva det nye politiske initiativet skal vera.
— Me vert på ein måte ei liste for dei listelause, seier Halleraker.
Christiansen er leiar i ungdomsrådet og har ikkje tidlegare vore medlem av eit parti.
Halleraker på sin side melde seg ut av Arbeiderpartiet etter at kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) brukte tvungen lønsnemnd for å få slutt på lærarstreiken i haust.
Sidan den gong har han sete som uavhengig i kommunestyret, men lova å halda seg til programmet han vart vald inn på.
— Dette vert min tredje periode om eg vert vald inn, og det vert Christiansen sin første, seier Halleraker.
På fjerde plass på lista finn ein John Anders Semb som for tida sit i kommunestyret som representant for Ap, og både Ole Johan Sveen og Stian Nygård som sit som uavhengige i kommunestyret på 13 og 17. plass.
Halleraker fortel at lista kan verta justert i siste liten, og tek eit atterhald om rekkefølga.
Inkluderer ungdomen
Sidan Christiansen vart fødd i 2004, undrar Halleraker om han kan verta den yngste i kommunestyret nokonsinne.
— Me er tverrpolitisk ikkje berre i namn, men også i handling. Me har eit sprang i alder, eg jobbar som lærar og har ein akademisk bakgrunn, Christiansen høyrer til ei yrkesfagleg retning, seier Halleraker.
Dei meiner at å ha ein i tenåra som andrekandidat viser at dei tek ungdom på alvor og vil gje dei ein plass.
— Kva ynskjer du å oppnå i politikken, Christiansen?
— Eg er oppteken av tilbodet som ungdomar får i Sveio. Det skal vera kjekt å bu her. Eit skikkeleg tilbod på skule og fritid. Då kan dei trivst her og vil bu her lengre, svarar Christiansen.
Tre hjartesakar
For parti flest er det for tidleg å ha klart eit program, og det same gjeld for ei heilt ny valliste. Det er undervegs, og førebels nemner dei hjartesakar.
Dei vil snu den negative befolkningsutviklinga, betra eldreomsorga og skapa jobbar til sveibuen i eigen kommune.
— Unge og småbarnsforeldre må busetja seg i Sveio, og då ser me at tilbod innanfor skule, barnehage og fritid er noko dei ynskjer seg, seier Halleraker.
Tverrpolitisk fellesliste meiner også ein komande endring i befolkninga krev førebuing.
— Det vil kome fleire eldre om nokon år. Då må det vera eit godt tilbod når dei ikkje kan bu heime lengre. Det må vere dagplassar og nok sjukeheimsplassar, seier Halleraker.
Behov for oss
— Kva meiner dykk om skulane i Sveio?
— Det me har bestemt oss for er å halda oss lojale til det samrøystes vedtaket i kommunestyret i forrige periode. Me held oss til dagens ordning, og vedtaket i kommunestyret, svarar Halleraker.
– Kva gjer lista om det kjem eit politisk spørsmål til røysting som lista ikkje har teke stilling til?
— Då må me bruka ein demokratisk prosess for å verta einige. Det er ikkje ukjent i andre parti. Me må ta dei sakene undervegs, og samstundes vera litt føreseieleg slik at folk ser dei lange linjene, seier Halleraker.
Han peiker på at fråvær av ein felles politisk ideologi ikkje berre er eit hinder.
— Tradisjonelle parti er bundne, og me veit rikspolitikarar har det travelt med å reisa rundt sjølv om det er lokalval. Me står utan å vera knytta til det. Me kan tenka lokalområdet først, seier Halleraker.
Dei trur lista vert eit friskt alternativ til hausten, og at mange sveibuar er klare for dei.
— Folk synest det er behov for oss, seier Halleraker.