nyhende

Startar kyrkjeturneen i Sveio

Søndag byr André Eide og Bjørn Schille på mykje variert instrumentalmusikk frå både orgel, hybridgitar og piano. Saman og individuelt i Sveio kyrkje.

Publisert Sist oppdatert

Eide og Skille har kjent kvarandre sidan studietida og har etter dette gjort fleire spanande musikalske opptredenar saman. No er det tid for turné.

Pianist og organist André Eide kjem frå Halsnøy i Kvinnherad, men har vore busett på Stord dei siste 20 åra. Han er godt kjend gjennom sosiale medier, der han når ut til fleire millionar lyttarar kvar månad. Elles jobbar Eide frilans som pianist og organist i heile landet og er med på mange varierte prosjekt.

Schille er ein gitarist og gitarpedagog busett i Nordhordland. Han har dei siste åra gjort seg bemerka med å framføra musikk på 7-strengs hybridgitar, som er ei blanding mellom elgitar og bassgitar. Han har spelt fleire konsertar med sin jazztrio Try With Coffee, i tillegg til å ha spelt i forskjellige høve både som solist og i ensemble.  Han har bachelorgrad i klassisk gitar frå Griegakademiet i Bergen og jobbar i Alver Kulturskule.

Stord, Valen og Knarvik kyrkjer får besøk av duoen vidare utover i juni.

Powered by Labrador CMS