NPK-NTB: Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) kalla partane inn tysdag kveld. Etter eit kort møte vart det stadfesta at regjeringa grip inn.
Lærarane har streika sidan byrjinga av juni, men uttaket tok seg opp rundt skulestart i august. Konflikten mellom dei tre lærarorganisasjonen Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Skolenes landsforbund og motparten kommuneorganisasjonen KS har verka heilt fastlåst.
Rundt 8.500 medlemmer var i streik då regjeringa greip inn. Mellom anna har mange Sveio-elevar som går på vidaregåande i Haugesund vore råka av streiken.
Uroa rundt korleis streiken ramma elevar har auka i styrke dei siste vekene. Mange elevar har ikkje hatt ordinær undervisning etter sommarferien. Mange har også vore bekymra over situasjonen til sårbare elevar, spesielt i etterkant av to år med pandemi.
Stadig fleire ropa varsku
Barneombodet har skrive brev til regjeringa, og det same har Foreldreutvalet for grunnskulen. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark melde inn eit varsku tysdag, mellom anna fordi elevar stod utan tilbod om spesialundervisning.
Regjeringa har understreka at det har vore ansvaret til partane å finne fram til ei løysing. Seinast fredag kalla kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) inn lærarorganisasjonane og KS for å be om at det vart gjort nye forsøk på å semjast.
Partane møttest til samtalar hos riksmeklar Mats Ruland både laurdag og søndag, utan at det lykkast å finne fram til ei løysing.
KS om tvungen lønnsnemnd: – Må sjå framover
Arbeidsgivarsida i lærarstreiken, KS, seier dei er glade for at streiken no blir avslutta etter at regjeringa vedtok å foreslå tvungen lønnsnemnd.
– Det er svært synd at partane ikkje klarte å bli samde om ei løysing og at det må tvungen lønnsnemnd til. Men vi er svært glade for at 150.000 barn og unge som er ramma av streiken, no kan komme tilbake på skulen, seier KS' arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø.
At tvungen lønnsnemnd blir foreslått, betyr at lærarane skal tilbake på jobb så fort som mogleg, truleg allereie onsdag morgon.
– No må partane sjå framover og byggje opp gjensidig tillit. Vi må finne ut korleis vi kan samarbeide betre med kvarandre, og med politiske styresmakter, om å utvikle skulen slik at han blir best mogleg, seier Gangsø.