nyhende

Standarden for trebukk er sett i Straumøyvegen

Etter å ha laga småbukkar av tynne trestammar, fekk André Lier ein utfordrar, dermed treiv han til kraftigare lut.

Publisert Sist oppdatert

– Då Halvor, svigersonen min, bygde ein trebukk som var større, var eg ikkje sein om å henta fram emna eg hadde bak garasjen; sitkagran frå Mølstrevåg med diameter opp mot meteren, fortel André Lier.

«Sitka» og nissemann

Han fekk med seg naboen, Ansgar Halleland, for dette var tunge saker. Først skulle emna kappast til. Bukken ruvar godt i terrenget, dryge tre meter, horna kjem i tillegg. Namn skulle bukken også ha, og med tanke på kva han var laga av, blei det naturleg å kalla han «Sitka».

Det er ingen tvil om at André Lier sitt reinsdyr blei størst, her sit dottera Andrine Lier på begge variantane i «tevlinga».

Neste prosjekt blei å laga ein nisse som kunne stå og passa på storbukken. Nisse blei laga av tynne bjørkestammer, deretter kledd med granbar. Med litt spray hist og her, var han påkledd og presentabel for kven det måtte vera.

Sette ny standard

– Eg har alltid vore oppteken av å laga det meste sjølv, fortel Lier. Han har fått mange gode tilbakemeldingar etter at bukken og nissen blei plassert ved innkøyrsla hans i Straumøyvegen.

Det høyrer med til historia at då verket var ferdig, blei bukken lagt ut på Facebook med følgjande kommentar: – «Lurar på om ikkje standaren er slått no?».

– Då fekk ikkje han sova, ler der kreative valestrendingen og siktar til svigersonen.

Powered by Labrador CMS