nyhende
Stakk av frå politiet
Søndag kveld forsøkte politiet å stansa ein mopedist på Fylkesveg 47.
Søndag kveld stod ein patrulje frå politiet ved innkøyrselen til Sveio skule. Der heldt dei utkikk etter ein mopedist dei hadde måtte la køyra av stad tidlegare.
– Det er forbunden med for stor fare å følgja etter nokon som køyrer på moped, seier vaktsjef Håkon Tornes.
Han understrekar at omsynet vart teken til føraren sjølv, då ein flyktande moped fort kan enda opp i ei ulukke. Førebels er det ikkje så mange opplysingar i saka, men det vaktsjefen veit er at ein patrulje forsøkte å stansa ein uregistrert moped søndag kveld.
– Den slapp unna ved å køyra av stad på sykkel- og gangsti, seier Tornes.
Annonse
Difor valde patruljen å halda utkikk ved skulen ein stund etterpå, men til ingen nytte.