nyhende
Stadig nye sveibuar smitta
Laurdag vart det regisitrert sju nye koronasmitta personar som har folkeregistrert adresse i Sveio. Dagen før var talet fire.
Koronasmitta har ikkje sleppt taket på sveibuen. Tal frå Folkehelseinstituttet, som baserer seg på kor den som er registrerte smitta har folkeregistert adresse, viser til saman 11 nye smitta fredag og laurdag. Fire fredag og sju laurdag.
259 sveibuar smitta fram til no
Sidan starten av pandemien i mars 2020 og fram til no er 259 sveibuar registert smitta av korona.
Karmøy har dei fleste nye tilfella, med 51, mens Haugesund berre var registrer 1 ny smitta laurdag, ifølge VG si oversikt.
116 personar er registre døde av korona i Vestland fylke hittil i pandemien.@
8 på sjukehus i Helse Fonna
Sundag var 8 personar lagt inn på sjukehus i Helse Fonna-området.
Her er tala for nye registrerte smitta i Sveio og nabokommunane laurdag:
Sveio: 7
Karmøy: 51
Haugesund: 1
Tysvær: 1
Vindafjord: 0
Bokn: 0
Stord: 0
Bømlo: 1