nyhende

Illustrasjon.
Illustrasjon.

Stadig fleire les nyhende på nett

Den samla delen som les aviser på anten papir eller nett ein gjennomsnittsdag, auka frå 73 prosent i 2019 til 77 prosent i 2020.

Publisert Sist oppdatert

– Det er heilt tydeleg at folk har vore oppteken av å få med seg nyhende i 2020. Delen som har tilgang til betalt nettavisabonnement har òg auka til 29 prosent frå 26. Det var òg færre som oppgav at dei ikkje følgde med på nyhende på tvers av ulike plattformer, opplyser Emma Schiro, statistikkansvarleg for Norsk mediebarometer.

2020 var eit spesielt år der skular, universitet og arbeidsplassar var stengde i periodar. Barn og studentar måtte ha nettbasert undervisning heime og mange vaksne jobba frå heimekontor.

– Folk blir meir opptekne av nyheiter når det skjer store ting i verda. Samstundes held folk òg fast ved medievanane sine over tid, seier Schiro.

Sosiale medium

Av dei som brukar internett (92 prosent) er det nesten halvparten (44 prosent) som finn og les nyheiter på sosiale medium.

Ifølgje Norsk mediebarometer er det i størst grad ungdommane som les eller ser på nyheiter på sosiale medium. I alderen 16-19 år er det 69 prosent som gjer dette.

Snapchat og Facebook er dei plattformane flest les nyheiter. Facebook er klart mest populært blant dei i alderen 20 år og oppover, og er generelt den sosiale kanalen flest vaksne les nyheiter frå. Snapchat er det sosiale mediet flest under 20 år finn nyheitene sine.

Powered by Labrador CMS