nyhende

Denne gjengen står på kvar dag for å laga god lokalavis. F.v. journalist Morten Vågset, redaktør Ellen Marie Hagevik og dagleg leiar og marknadsansvarleg Susanne Lie Vallestad.
Denne gjengen står på kvar dag for å laga god lokalavis. F.v. journalist Morten Vågset, redaktør Ellen Marie Hagevik og dagleg leiar og marknadsansvarleg Susanne Lie Vallestad.

Stabilt opplag og vekst i digitale abonnentar

I dag kom opplagstalla for 2. halvår 2024. Vestavind hadde ein auke på 36 digitale abonnentar, og opplagstalet er stabilt med fire færre abonnentar enn på same tid i 2023.

Publisert Sist oppdatert

Opplagstall 2. halvår 2024

  • Vestavind: 1.567 (-4)
  • Grannar: 3.472 (+79) – Etne og Vindafjord
  • Tysvær Bygdeblad: 2.130 (+12)
  • Suldalsposten: 2.605 (+15)
  • Ryfylke: 2.295 (+109) – Sauda
  • Bømlo-Nytt: 4.227 (+191)
  • Karmøynytt: 1.973 (+141)
  • Stord24: 1.676 (+428)
  • Sunnhordland: 7.642 (+205)
  • Haugesunds Avis: 20.633 (-234)

Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la tysdag føremiddag fram ferske opplagstal. Samanliknbare tal for dei rundt 125 avisene som er tilknytt LLA, viser tydeleg digital vekst og stabile netto opplagstal.

Litt om tala

Opplagstala blir målte to gonger i året. Siste halvdel er den mest interessante fordi den gir eit best bilete av året. Det offisielle opplagstalet er no 1.567. Å ha eit så stabilt opplag som Vestavind har tyder på at lesarane våre set pris på lokal, redaktørstyrt journalistikk.

Det totale opplagstalet er delt inn i digitalt (nettavis), komplett (både papiravis og nettavis) og papir (hovudsakeleg laussal).

Digitalt er det ein god vekst med 36 fleire abonnentar enn andre halvår 2023. Det speglar seg også i talet for komplett der det var ein nedgang på 30 i same periode. Papir har ein nedgang frå 30 til 20.

– Gledeg

– Det er gledeleg å sjå at lokalavisene står sterkt. Særleg i tider der mange kan vera litt uroa over alt som skjer ute i verda, er det godt å ha trygge ankerfester og møteplassar i livet. Lokalavisene bryr seg om nærmiljøet og kvardagen til folk. Det trur me både lesarane og annonsørane våre set pris på, seier Tomas Bruvik, generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser.

Powered by Labrador CMS