nyhende
Stabilt opplag for Vestavind
I dag kom opplagstala for andre halvår 2022, og Vestavind ligg stabilt samanlikna med andre halvår i 2021. Tala viser at fleire går over til berre nettavis.
Godkjent opplagstal for Vestavind 1.589. Det er 7 færre abonnentar enn på same tid i 2021, eller ein nedgang på 0,44 prosent. For papiravisa er nedgangen 6 abonnentar, medan det er 49 fleire som har digitalt abonnement, altså berre nettavis.
Abonnentar som har komplett abonnement har både papiravis og nettavis. Her er det ein nedgang på 50, noko som samsvarar godt med auken på berre nettavis.
— Me set pris på at sveibuane er glade i lokalavisa si, og er nøgde med at me held på abonnentane våre. Med 5.732 sveibuar, og mange som nyttar fritidsbustadane sine i kommune store delar av året, er det marknad for fleire abonnentar. No må me legga oss i selen for å bli enno betre slik at fleire vel å bli faste abonnentar, seier redaktør Ellen Marie Hagevik.
Litt opp og litt ned
Trenden blant lokalavisene er at opplagstala har gått enten litt opp eller litt ned. Av lokalavisene i Sunnhordland og på Haugalandet, er det Sunnhordland som har hatt størst opplagsauke med 199.
Tysvær Bygdeblad og Grannar har som Vestavind ein liten nedgang, med høvesvis opplag på 2.155 (-50) og 3.462 (-46).
Størst auke i opplagstala er det for Karmøynytt (1.383 / +215) og Bømlo-Nytt (3.810 / +103)
Regionavisa Haugesunds Avis fekk eit godkjent opplag på 21.197, som er ein nedgang på 190.
Godt nøgd med tala
Vestavind er medlem av Landslaget for lokalaviser (LLA). Akkurat som ved førre telling, går omtrent halvparten av LLA sine lokalaviser litt fram, den andre halvparten litt tilbake. Den stabile trenden for lokalavisene strekk seg over lang tid.
Tomas Bruvik er generalsekretær i LLA og godt nøgd med tala som er lagt fram i dag.
– Folk lever jo livet sitt lokalt, og lokalavisene lagar god og viktig journalistikk frå bygder, tettstadar og bydelar landet rundt. Avisene våre følgjer folk frå vogge til grav. Undervegs løftar me fram relevante nyheiter, kultur, idrett, næringsliv og ikkje minst det flotte lag- og organisasjonslivet, seier Bruvik.