nyhende
Stabil arbeidsmarknad, lågare utsikter
Verksemder i Sunnhordland melder om litt lågare marknadsutsikter i år enn i fjor. Likevel reknar dei med stabile forhold. Mest 60 prosent vil gjennomføra kompetansehevande tiltak.
Tysdag presenterte NAV resultata frå årets bedriftsundersøking både på landsbasis og på fylkes- og regionnivå. I Sunnhordland la Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland, fram tal og kommentarar på eit kort webinar med etterfølgnde pressemelding.
– For oss er det viktig å ha gode relasjonar til arbeidsgjevarane for å finneagode løysingar saman, seier, sa Lægreid mellom anna.
Støtte til opplæring
Han viser til at NAV kan støtta arbeidsgjevarar mellom anna med kvalifisering av aktuelle kandidatar, jobbspesialistar som følger opp både kandidaten og verksemdene, og rettleiing til verksemder som opplever at annonsane deira ikkje lenger gir like mange treff.
– Krava for å koma inn i arbeidslivet er høge. Saman med arbeidsgjevarane må me finna ein god balanse mellom krav og forventingar på den eine sida, og moglegheitene i arbeidsmarknaden på den andre. Me er avhengige av at enda fleire tek del i arbeidslivet i åra som kjem, seier Lægreid.
Færre rekrutteringsproblem
Andelen som melder dei har hatt rekrutteringsproblem dei siste tre månadane er i Sunnhordland redusert frå 33 prosent i fjor, til berre 17 prosent i år.
Her skil Sunnhordland, og til dels også Nordfjord, seg ut frå resten av Vestland, fortel fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i ei pressemelding frå NAV Vestland.
På fylkesbasis manglar verksemdene 5.600 arbeidstakarar, mot 5.200 i 2023. Generelt er det størst mangel på helsepersonell, særleg helsefagarbeidarar. Deretter følgjer bygg og anlegg, varehandel og eigedomsdrift, går det fram av fylkesoversikten.
Fagfolk etterslpurde
I Sunnhordland melder verksemdene at 38 prosent treng kandidatar med høgare utdanning, og 46 prosent har behov for å rekruttera folk med eit fagbrev. Berre 19 prosent melder dei har behov for å rekruttere ufaglærte.
Under presentasjonen av resultata for Sunnhordland hadde Lægreid også gjester med seg.
– Me har fått gode kommentarar kring stoda i regionen frå Tora Myklebust i Region Sunnhordland, samt Anne-Karin Fossdal frå Stord kommune. Oppsummert kjenner dei seg begge att i utfordringane som NAV sin bedriftsundersøking peikar på, og at me må samarbeida meir – NAV, nærings- og samfunnsliv og kommunane – for å vera best skodde møta dei utfordringane som me allereie står i og som vil veksa i åra som kjem, seier Lægreid.
Undersøkinga blei gjennomført i februar og mars i år, og i Sunnhordland har 73 prosent av dei utvalde verksemdene svart.I heile Vestland var svarprosenten 65.