nyhende
Sprang i 24 timar for kreftsaka
Blant 2.500 deltakarar på kreftforeininga sin «Stafett for livet» på Torvastad laurdag, var også gruppa Never Give Up organisert frå Sveio. Til saman gjekk eller sprang dei 55 medlemmene i denne gruppa 4.891 rundar, fortel Lene Amundsen Våge.
Ho er organisator for gruppa og ein av dei tre gruppemedlemmene som klarte å halda det gåande i 24 timar i strekk.
Gangar ein 4.891 rundar med 400 meter, får ein 1956,4 kilometer. Det er 187 kilometer lengre enn frå Sveio til Bardufoss (1.769,4 km)!
– Når me er så mange er det lett å halda ut lenge, seier fagarbeidaren ved Sveio skule, som er svært godt nøgd med resultatet.
20 sveibuar
Rundt 20 av medlemmene i Never Give Up var sveibuar, mellom desse også ordførar André Mundal Haukås. Resten av deltakarane kjem frå Haugalandet, men nokre også frå andre stader i landet.
– Ei venninne kom eins ærend frå Oslo for å springa. Ho var også blant dei som heldt ut i 24 timar, fortel Amundsen Våge.
Pågåande innsamling
I alt var 41 lag påmelde til «Stafett for livet» på Torvastad. Ifølge Haugesunds Avis blei det samla inn 600.000 kroner til kreftforeininga i samband med arrangementet. Laga gjennomførte innsamlinga på ulikt vis. Nokre hadde skaffa seg sponsorar som betalte ein avtalt sum per runde.
Never Give Up starta ein innsamling som fram til måndag føremiddag hadde kome opp i 23.200 kroner. Men denne innsamlinga vil halda fram heilt til opp imot juletider, fortel Amundsen Våge. Ho reknar dermed med eit monaleg høgare resultat til slutt.
Pårørande
Felles for dei fleste deltakarane på «Stafett for livet» var at dei sjølve eller nokon i deira næraste familie eller omgangskrets har vore råka av kreft.
– Det var også grunnen til at eg var der, seier Mundal Haukås, som deltok saman med ei kreftråka tante.