nyhende

«Spøkelsesbosspann» flyt med søppel

To bosspann i Sveio sentrum vert jamleg fylt over og lek søppel. Kommunen meiner fylkeskommunen har ansvaret. Fylkeskommunen viser til entreprenør, som svarar at det må vera kommunen sine. – Det var jo fylkeskommunen som sette dei opp, svarar kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Midt i Sveio sentrum står det to svært populære bosspann. Dei er jamleg fylt til randa og lek boss. På tross av at bosspanna fyller eit klart behov, er det usemje om kven som har ansvaret for dei.

Viser til fylkeskommunen

Vestavind har spurt Sveio kommune. Dei meiner det er fylkeskommunen sitt ansvar.

– Alle søppelspann langs vegen (som går gjennom Sveio sentrum) er det Vestland fylkeskommune som har ansvaret for å tømme, skriv Ørjan Østhus, einingsleiar for drift- og anleggsavdelinga i Sveio kommune i ein epost.

Sjølv har kommunen tre bosspann som dei tek seg av i sentrum, ståande i nærleiken av torget. Roger Lemme som er byggeleiar hjå fylkeskommunen, forklarar at kontrakten for vedlikehald har fylkeskommunen gjeve til Mesta. Lemme fortel at det er dei som skal ta seg av tømming.

– Eg vil tru at entreprenøren følgjer med på dei. Når dei nærmar seg full skal dei tømmast, seier Lemme.

– Ikkje våre

Formann Morten Stokken i Mesta kjem med eit overraskande svar om bosspanna når han vert spurt om manglande tømming.

– Då lurer eg på, meiner du dei i buss-skura, spør Stokken.

– Nei, dei i gata ved benkane.

– Dei er ikkje våre. Det er ikkje noko som står i vår liste over kva som skal tømmast, seier han.

– Men dei står attmed fylkesvegen kor dykk har ansvar?

– Jo, men det er ikkje dermed sagt at det er våre. Det er ikkje så enkelt. Så eg vil tru dei er knytta til kommunen, svarar han.

– Kommunen sa at det må vere dykkar?

– Då må eg nesten spela ballen tilbake til kommunen, svarar Stokken.

Formannen hos Mesta går gjennom kontrakten for å vera sikker, og seier dei har kontraktfesta tre bosspann i sentrum. Eit på kvart busstopp i sentrum, og eit på busstoppet sør for kyrkja, men ikkje dei to ved bilvegen.

Står på sitt

For å kunna utelukka alle andre mogelege aktørar har Vestavind snakka med bedriftene i nabobygget til bosspanna.

– Ja, eg har sett dei renna over før, men eg har også sett dei tomme, så det må jo vera nokon som tømmer dei, seier ei tilsett ved Haugesund Sparebank sin filial i Sveio.

Kontoret hennar ligg berre få skritt unna bosspanna, men det er korkje deira eller Kiwi sine. Då kommunen får høyra at Mesta meiner det er kommunen sine, er Østhus tydeleg på kor ansvaret ligg.

– Det som er fylkesvegen er Vestland fylkeskommune sitt ansvar. Det er oppklart, og tydeleg kven som eiger dei, seier Østhus.

Einingsleiaren viser til at det var fylkeskommunen som utbetra vegen for tre år sidan, og sette opp spanna. Han har også sjekka med tilsette i kommunen om bosspanna. Fleire av dei har lagt merke til at spanna ikkje blir tømt, og er ei kjelde for spreiing av boss. Det gjer arbeidet med å halda sentrum reint mykje vanskelegare for dei.

– Det har vore eit irritasjonsmoment, seier Østhus.

Powered by Labrador CMS