nyhende

Parallelt med at straumprisane har gått opp dei siste åra har òg debatten om EU blitt heitare enn på lenge. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB/ NPK
Parallelt med at straumprisane har gått opp dei siste åra har òg debatten om EU blitt heitare enn på lenge.

Splitt og hersk i kraftdebatten

Kor sannferdig er eigentleg EU-, kraft- og klimadebatten i Noreg? Ikkje særleg, ifølgje energiforskarar.

Publisert Sist oppdatert

EUs energibyrå Acer, energipakkar, straumkablar og kraftprisar. Dei siste åra har kraft og straum gått frå å vere noko dei færraste ofra ein tanke til å bli eit tema nesten alle har ei meining om.

– Mykje av debatten om kraft, EU og klima har vore svært villeiande i lang tid, seier statsvitar og klimaforskar Elin Lerum Boasson til Nynorsk pressekontor.

Liberale straumlinjer

Norsk kraftpolitikk var lenge banebrytande i europeisk samanheng. Tilbake i 1991 blei Noreg blant dei første landa som liberaliserte kraftpolitikken. Ei ny energilov blei vedteken: Produksjon og omsetting skulle konkurranseutsetjast, medan krafttransporten skulle organiserast i form av monopol. Det betydde at dei historiske banda mellom produsent og leverandør blei brotne. No var det tilbod og etterspurnad som skulle styre.

– Det blei ein modell for liberalisering av straumpolitikken i resten av Europa. Vi gjekk føre, seier forskar Torbjørg Jevnaker ved Cicero – Senter for klimaforsking.

Då Noreg året etter gjekk inn i EØS-samarbeidet blei løysingar for ein felles europeisk kraftmarknad innført her i landet. Rammevilkåra for norsk energipolitikk blei bestemt allereie her.

Difor er det òg vanskeleg å kunne velje bort nye direktiv frå EU etter eige ønskje, ifølgje Jevnaker:

– I EØS-avtalen er det slik at viss ein først har tatt ei lov, så må ein ta nyare versjonar av same lov som kjem seinare òg, seier Cicero-forskaren.

Dette fordi det å ta inn eit tema i EØS-avtalen betyr at det er EØS-relevant, og då er seinare lovverk innanfor same tema også relevant.

Torbjørg Jevnaker, seniorforskar ved Cicero – Senter for klimaforskning.

Plutseleg debatt

Liberaliseringa av kraftmarknaden tente landet vårt godt veldig lenge, og prisane var stabilt låge i mange år. Då Russland invaderte Ukraina skjedde det ei endring.

– Prisane var låge lenge og temaet glei under radaren. Det er hovudgrunnen til at vi ikkje har hatt straumprisdebatt før no, seier Jevnaker.

Elin Lerum Boasson er samd:

– Liberaliseringa har vore ein dundrande suksess. Vi har fått mykje lågare kraftprisar enn det vi elles ville fått.

I lys av at prisane brått steig kom òg medieoppslaga. Fleire meinte det var energisamarbeidet med EU som måtte ta skulda.

– Ingen hadde fantasi til å sjå for seg at Russland kom til å gå til fullskala krig i Ukraina, og difor hadde ein heller ikkje laga scenario som kunne førespegle korleis det ville påverke kraftprisen. Difor trur eg debatten lid av mange halvsanningar og påstandar som er direkte feil, seier Boasson.

Steile frontar

Både Senterpartiet (Sp) og Framstegspartiet (Frp) har vore tydelege på at Noreg må ta tilbake makta over krafta.

– Energipolitikken skal styrast av folkevalde, ikkje EU-reglar eller marknaden aleine. Partiet seier nei til EUs fjerde energipakke, nye utanlandskablar og for høg eksportandel, skriv Sp på nettsidene sine.

– Noreg skal ikkje vere «Europas grøne batteri» og følgje blindt etter EU. EU av-industrialiserer seg sjølv med symbolsk og kostbar klimapolitikk, noko som overfører meir makt og verdiskaping til uføreseielege statar som vesten ikkje er tent med å vere avhengige av, skriv Frp.

Parallelt med at straumprisane har gått opp dei siste åra har òg debatten om EU blitt heitare enn på lenge.

Dei mest EU-vennlege partia har ei heilt anna tilnærming til temaet:

– Venstre vil styrkje mellomlandsforbindelsar og samarbeide med Norden og EU for å balansere kraftmarknaden og sikre forsyningstryggleik, skriv partiet på nettsida sine.

Også MDG er svært positiv til energisamarbeidet med EU:

– Meir utveksling av kraft gjer Europa og oss tryggare (vi kan kjøpe straum om vi ikkje klarer å lage nok sjølv) og vi kan redde meir natur. Skulle vi isolert oss meir, ville vi måtta bygge ut meir vindkraft på land for å kunne lage nok straum i ei knipe, skriv dei.

Løgn og løfter

Så kva er då sant eller ikkje i ein stadig meir polarisert energidebatt?

– Eg ser at ei rekke aktørar tek til orde for å reforhandle enkelte delar av energisamarbeidet med EU, og at vi ikkje treng å vere med på alt. Dei underspelar at det å ta ut noko som allereie er tatt inn i EØS-avtalen eller å la vere å ta inn nye EU-lover som er EØS-relevante kan få store konsekvensar, seier Jevnaker.

Med det siktar ho til at med ein gong Noreg eventuelt skulle byrje å avvise deler av energipakkar, så må vi rekne med å få motreaksjonar. For eksempel kan dei kome til å setje til side samarbeid gjennom EØS-avtalen på eit heilt politisk felt eller avvise samarbeid på andre område som Noreg ser seg tent med.

Oslo 20220404.Forsker Elin Lerum Boasson, Cicero Senter for klimaforskning under lanseringen av FNs klimapanel (IPCC) delrapport 3 i sjette hovedrapport om utslippsreduksjon, opptak og virkemidler.

Den første «energipakken» frå EU kom i 1996, den andre kom i 2003 og den tredje i 2009. Elin Lerum Boasson, som har skrive doktorgradsavhandlinga si om klima og energi i EØS, meiner spesielt Senterpartiet ikkje sette seg godt nok inn i kva dei hadde sagt ja til tidlegare.

– Sp har vore med å ta energi- og klimadirektiv inn i EØS-avtalen. Viss Sp ikkje ønskte dette, så måtte dei sagt frå om det for 20 år sidan då dei første generasjonane av direktiv kom. Det gjorde dei ikkje, seier ho.

– Påstandane held ikkje

Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Sogn og Fjordane, er ikkje samd med Jevnaker og Boasson.

– Dei kjem med påstandar som ikkje held. Det går fint an å ta tilbake styringa over straumpolitikken frå Brussel og Ljubljana og heim til det norske folkestyret. EØS-avtalen gir oss rett til å reservere oss, og den retten kan vi bruke til å seie nei til nytt regelverk vi ikkje vil ha i Noreg, seier han til Nynorsk pressekontor.

Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Sogn og Fjordane, er ikkje samd med Jevnaker og Boasson.

Han hevdar det er feil at vi automatisk må ta inn alt nytt EU-regelverk berre fordi vi tidlegare har teke inn anna regelverk.

– Å bruke reservasjonsretten er ikkje å bryte avtalen, men ein heilt legitim del av EØS-avtalen, som Senterpartiet meiner at Noreg bør nytte seg av framover. EU har heller ikkje lov til å blande saman ulike område i avtalen og straffe oss for å bruke reservasjonsretten, slik forskarane påstår. I så fall er det EU som bryt avtalen, seier han.

Powered by Labrador CMS