nyhende
Spleisar på dekor til undergang
Den grå og triste undergangen på Ekrene kan no bli eit høgdepunkt for dei som ferdast i området.
– Ein må alltid gjennom undergangen om ein skal gå tur på Ekrene, me går der mykje sjølv, barnehagane og skuleungane går her også kvar dag, seier Evelyn Reiersen, som bur på Gjeringstjørn. Sjølv er ho heime i permisjon med minstejenta på ti månadar, og trillar ofte tur i området.
Næringslivet bidrar også
Etter nok ei passering i den mørke og grå undergangen, kom ho ein dag på Leif Stian Nes frå Tysvær, som den siste tida har sett sitt preg på bygningar rundt om i distriktet med kreativitet og spraymaling.
– Eg snakka med folk rundt meg om idéen, høyrte med fylkeskommunen, fekk pris frå Leif Stian og sette i gong ein Spleis. Sidan fredag har me fått inn 9.000 kroner, seier Reiersen nøgd – ho hadde sitt føre seg at innsamlinga skulle ta noko lengre tid. Større aktørar er med og drar lasset. Til no har T. Halleland AS, R. B. Johannessen AS, Best Ekrene Pizza & Hamburger, og Espira Solkroken barnehage blitt med på Spleisen, opplyser initiativtakaren, som gjerne vil takka alle bidragsytarar.
3.300 kroner gjenstår
Totalkostnad for å få dekorert begge sidene er 12.000 kroner. Næringslivet har gitt 4.800 kroner til no, 22 andre har bidratt med totalt 4.200 kroner, slik at det måndag ettermiddag gjenstår 3.000 kroner før prosjektet er i boks.
Kva motiv som skal vera er ikkje fastsett, men noko fargerikt og positivt skal det bli. Kunstnaren, kjend som artworkbyleif vil setja av nokre dagar i oktober til prosjektet.
Grønt lys frå fylket
Eva Birgitte Teige i Vestland fylkeskommune fortel at det har blitt gitt løyve til liknande før.
– Me har sagt at det må gjerast ryddig og ordentleg. Dersom dette vert eit godt utført prosjekt vil det minske lysta til stygg tagging i undergangane, det vil spara oss for reinsking og vasking av slikt, noko som går på vedlikehaldsbudsjettet vårt. Me ser på det som positivt at brukarane vil ha det hyggeleg og fint rundt seg, seier Teige til Vestavind.