nyhende
Sperra felt i Bømlafjordtunnelen
Politiet rykka ut til lastebil som fekk motorproblem.
Laurdag kveld stansa ein lastebil opp i eit av køyrefelta i Bømlafjordtunnelen. Den køyrde i nordgåande retning og hadde nettopp passert botnen då den fekk motorproblem.
— Den stansa om lag 500 meter i frå botn på veg oppover. Politiet fekk meldinga rundt klokka 21.15 og køyrde til staden. Etter kvart kom motoren i gang igjen, og lastebilen kunne køyra vidare seier Andre Skram Hansen, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.