nyhende
Spennande tanke å slå saman to mellomtrinn
Mange vaksne vil behalda skulane som dei er i dag, det vil også elevråda ved skulane på Vikse, Auklandshamn og Valestrand. Jon Bernhard Tollaksen Mølstre (15) frå Sveio ungdomsråd synest ideen om å slå saman to mellomtrinn er spennande. – Det vil skapa eit større miljø, og betre moglegheiter til å bli kjende med folk frå andre stader i Sveio, meiner han.
Bakgrunn: I Sveio er det fire reine barneskular; Valestrand oppvektsenter, Auklandshamn skule, Vikse skule og Førde skule, medan Sveio skule har heile spekteret frå 1.-10. klasse.
Ein plan som tar føre seg skulebygga i kommunen seier at det no kan vera lurt å ta stilling til om to skular skal leggjast ned, det gjeld Valestrand oppvekstsenter og Auklandshamn skule. Elevar frå desse skulane kan bli flytta til Førde eller Sveio skule, som er rekna som «sentrale» skular. Rapporten foreslår også at ein kan flytta 5., 6. og 7. klasse frå Vikse til Sveio skule, men ingenting er bestemt enda.
Framtida
Ein av dei i ungdomsrådet som engasjerte seg, heiter Jon Bernhard Tollaksen Mølstre. Han er i sin første periode i ungdomsrådet.
– Det er snakk om generasjonen for framtida, det er ei viktig sak å engasjera seg i. Det handlar om ungane som bur i Sveio, og korleis dei får si utdanning, seier 15-åringen frå Nordskog. Han har lest delar av den omfattande rapporten som Telemarksforsking har utarbeida på oppdrag frå politikarane i Sveio kommune.
Lang busstur
Det er her forslaga har kome fram. Status no er at både innbyggjarar og politikarar ventar på at rådmannen skal laga ei sak basert på innhaldet i rapporten og dei ulike høyringsinnspela som har kome inn. Først då vil det komma reelle forslag å ta stilling til.
Då ungdomsrådet snakka saman, var det den første av tre tilrådingar som rapporten har foreslått som blei diskutert, den er slik:
|
Vikse skule: Flytta elevane på 5.- 7. trinn til Sveio skule, og la Vikse skule ha 1.-4. trinn. Auklandshamn: Oppretthalde Auklandshamn skule som i dag. Valestrand: Leggje ned skulen og flytte elevane til Førde skule |
– Mange meinte det ville vera negativt å leggja ned Valestrand, og at 1., 2., og 3. klassingar fekk ein lang busstur til Førde. Det var diskusjonar om Vikse, nokon ville oppretthalda den som i dag. Majoriteten støtta den første tilrådinga, seier 15-åringen. Han synest sjølv at forslaget om å flytta elevar frå mellomtrinnet på Vikse til Sveio skule virkar spennande.
Betre mangfald
– Det er ikkje mange skular som har det slik. Det vil skapa eit større miljø, og betre moglegheiter til å bli kjende med folk frå andre stader i Sveio. Eg trur også det vil skapa eit betre læringsmiljø, og generelt betre utdanningsmiljø på skulen, seier Mølstre.
På den andre sida, synest han det er synd om elevane på Vikse mister kontakt med venner og lærarar som dei synest godt om.
– Det blir også ein lengre busstur for å komma til skulen, men eg trur generelt at det hadde vore positivt. Eg trur det vil styrka det at ein er sveibu. Det kan skapa eit betre mangfald, seier 10. klassingen.
Uttale frå elevråda
I høyringsuttalane har det kome innspel frå dei tre elevråda ved skulane. Alle ønskjer å behalda skulane som i dag, her er nokre av grunnane for Vikse skule:
- Nye og moderne klasserom
- Flott uteområde
- Ny sykkelsti Straumavegen
- Fadderordning mellom mellomtrinn og småtrinnet
- Passe storleik på skulen
- Trygt og godt skulemiljø
- Kjekke lærere
- Ikkje bra for klimaet om me må køyre meir buss
- Har gode klassevener som me ikkje vil mista. Vil ikkje starta i ny klasse
- Om me må bytta skule, får mange lengre skulevei
- Me får god hjelp frå lærerane våre.
- Godt miljø på skulen.